Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Kommunereforma +

    Kva gjer me i regionen vår? Stortinget har vedteke ei kommunereform og  pålagt alle kommunar å gjennomføra ein prosess for Les meir
  • Deildo +

    Deildo  Stenging på dagtid: Måndag til torsdag: 08:30-12:45 og 16:15-21:00 Fredag og laurdag: 08:30-12:45 Åpent for gjennomkøyring: 10:30-10:50 17:30-18:00 20:00-20:15 Les meir
  • Lofthus sentrum, utlegging til høyring og offentleg ettersyn +

    Saka gjeld ny utlegging til høyring og offentleg ettersyn av framlegg til detaljreguleringsplan for Lofthus sentrum med planid, 12312014005. Dokument Les meir
  • Adresseringsprosjektet i Ullensvang herad +

    I samband med adresseringsprosjektet i Ullensvang herad reiser Kartverket og heradet namnesak for nokre namn for å få avklart rett Les meir
  • Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 +

    Rådmannen la i dag fram budsjettet for 2018 og økonomiplanen for 2018-2021. Les meir
  • Deildo i jula. +

    Anlegget tek joleferie i veke 51 og 52. Det vil vere fri ferdsel gjennom anlegget frå torsdag 14/12 kl. 12:45 Les meir
  • 1

Emneord

Postliste/offentleg journal

På postlista vår finn ein journalopplysningar til inn- og utgåande post. Me har ikkje valt å publisera tekstdokument direkte på postlista, om du ynskjer å sjå dokuemtet som høyer til jouranalopplysningane må du ta kontakt med sakshandsamar.

Postlista går 3 månader tilbake i tid, og inneheld post som er meir enn tre dagar gamal. Om du ynskjer innsyn i noko eldre enn dette kan du ta kontakt med Service- og dokumentsenteret (53671500 / Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.) og me vil hjelpa deg.

Me vil gjere merksam på at journalopplysningar knytt til dokument som arkiverast i heradet sine mange fagsystem ikkje er tilgjengelege frå vår postliste.
Dette gjeld først og fremst arkiv knytt til personar, slik som t.d. klientarkiv og pasientarkiv i helse og omsorg. I tillegg er ein del arkivdelar i sak-/arkivsystemet som stort sett inneheld sensitiv informasjon, som også er utelatt frå postlista. Dette gjeld elevarkiv, personalarkiv, og innkrevingsarkiv.

Politiske møte (Utvalg)

Du finn og politiske møte med innkallingar og protokollar. Innkallingane er fullstendige med saksframlegg og vedlegg. Me har publisert utvalsmøte tilbake til 2006. Om du leiter etter eldre ting må du ta kontakt med Service- og dokumentsenteret: 53671500 / Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. og me vil hjelpa deg.

Betalingsalternativ

Betalingsalternativ

eFaktura og Avtale Giro

E-faktura

  • Med eFaktura mottek du faktura ferdig utfylt rett i nettbanken din. Du slepp å taste inn lange KID-nummer og anna betalingsinformasjon.
  • Alt du treng å gjere er å godkjenna fakturaen i nettbanken. Fakturadetaljer kan hentast fram.
  • Både innmelding, endring og avmelding av e-faktura ordnar du sjølv i nettbanken.
  • Oppretter du eFaktura-avtale med heradet, får du alle faktura frå heradet rett i nettbanken din. Merk at eFaktura-referansen er knytt til kundenamnet på faktura.
  • Meir informasjon om eFaktura finn du på: www.efaktura.no.

Avtalegiro

  • Ved avtalegiro vert fakturabeløpet trekt automatisk på forfallsdato, utan at du må hugse på noko.
  • Du kan opprette avtalegiro i nettbanken eller ta kontakt med banken. Referansenummer for å opprette avtalegiro står på fakturaen.
  • Du kan opprette avtalegiro på faste oppdrag som kommunale eigedomsgebyr, barnehage, SFO, husleige, omsorgskrav.
  • Meir informasjon om avtalegiro finn du på www.avtalegiro.no.

Kombinasjon av e-faktura og avtalegiro

Dersom du oppretter både avtalegiro og eFaktura-avtale med heradet, får du faktura opp i nettbanken din, samstundes som faktura vert betalt til forfall utan at du må gjere noko.

Betaling av fakturagiro pr post

Dersom du får faktura i papirform i posten kan du leggja den inn i nettbanken sjølv, bruke brevgiro eller gå i banken. Når du betalar faktura er det viktig at du brukar KID-nummer, for å sikre rask og korrekt handsaming av din innbetaling.

Kontaktinformasjon

Ullensvang herad , Økonomikontoret tlf: 53 67 15 80

Epost: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Opningstider

Opningstider

Dagar  Opningstider  Type  Telefon

barnehageBarnehagar

 

Kinsarvik, kvardagar

Utne, kvardagar

Sekse, kvardagar

Veisane, kvardagar

Aga, kvardagar

 

 

07:00 - 16:15

06:50 - 16:15

07:00 - 16:30

07:00 - 16:15

06:45 - 16.15

 

 

 

53 66 33 23

53 66 69 92

53 66 19 42

53 67 13 20

53 66 23 36

skuleSkular

 

Vikebygd, Kvardagar

 

 Opedal, kvardagar

 

Hauso, kvardagar

Kinsarvik, kvardagar

 

 

08:00 - 13:45

SFO slutt 16:00

08:00 - 16:00

SFO 07:15 - 16:00

08:20 - 14:00

 

 

 

 

53 66 21 92

950 00 235

53 66 12 53

907 06 212

53 66 62 13

53 67 15 90

NAV logo skNAV

 Kundesenteret i Hordaland, kvardagar

Kontoret lokalt, måndag, onsdag, fredag

 

08:00 - 15:30

10:00 - 14:30

 

 

 

55 55 33 33

55 55 33 33

recycling symbolMiljøstasjonar

 

Øyjordet, Utne, måndag

Husemoen, Kinsarvik, torsdag

 

 

12:00 - 18:00

12:00 - 18:00

 

 

 

56 52 99 00

56 52 99 00

open bookBibliotek

 

Kinsarvik

 

 

 

Utne

 

Nå 

 

 

Måndag 12.00 - 16.00

Tysdag 12.00 - 16.00

Onsdag 12.00 - 19.00

Fredag 12.00 - 16.00

Måndag 10.00 - 17.00

Torsdag 12.00 - 18.30

Tysdag 15.00 - 19.00

 

 

 

 

 

476 86 145

swimming manBaseng

 

Hauso skule

 

 

 

Kinsarvik skule

 

 

 

 

 

 

Bassenget er ope t.o.m. 06.04.17.

Bassenga er stengt i skuleferiane.

Betaling: vaksne kr 50, born/pensjonistar kr 30, asylsøkjarar kr 10.

 

 

Måndag 13.30 - 18.30

Måndag 18.30 - 20.00

Onsdag 17.00 - 18.15

Onsdag 18.30 - 20.30

Tysdag 17.00 - 18.30

Tysdag 18.30 - 19.30

Tysdag 19.30 - 20.30

Torsdag 17.00 - 18.30

Torsdag 18.30 - 19.30

Torsdag 19.30 - 20.30

 

 

Familie, foreldre m/born t.o.m. 4. kl.

Helsebading/pensjonistar

Jenter og gutar 4. – 7. kl.

Jenter og gutar 8. – 10. kl. damer/menn

Familie, foreldre m/born t.o.m. 4. kl.

Jenter og gutar (5. – 10. klasse)

Damer

Familie, foreldre m/born t.o.m. 4. kl.

Asylsøkjarar

Menn

 

doktorLegekontor

 

Lofthus

Telefontid

Utne

Telefontid

Kinsarvik helsestasjon

Barnekontrol kvar onsdag

 

 

08.00 - 12.00, 13.00 - 15.00

08:88 - 15:00

08.00 - 12.00, 13.00 - 15.00

08:00 - 15:30

08:00 - 15:30

 

 

 

53 67 13 80

 

53 67 13 40

 

53 67 15 32

Ambulerande skjenkeløyve

Ambulerande skjenkeløyve

Generelt

Skjema

Søknad om ambulerende skjenkebevilling

Omtale

skjenkeløyve kan søkjast av personar som ynskjer å servera alkoholhaldeg drikk i forbindelse med lukka lag eller ved ei bestemt hending.

Du må søkja om skjenkebevilling dersom:

  • Du leiger lokaler, tar betalt for alkohol eller om lokalet berre har serveringsbevilling
  • Du skal servera alkohol i eit lukka selskap til dømes bryllup, jubileum eller interne arrangementer i verksemder
  • Du skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i lokaler utan skjenkebevilling eller utandørs på eit avgrensa område

Motorferdsel i utmark og vassdrag

Motorferdsel i utmark og vassdrag

Generelt

Skjema

Motorferdsel i utmark og vassdrag

Omtale

Motorferdsel i utmark og vassdrag er regulert med sikte på å verne om naturmiljøet og å auke trivselen. I hovudsak har bruk av motorkøyretøy til offentleg godtekne nytteformål (til dømes redningsteneste, utmarksnæring og faste bustader) direkte heimel i loven, mens for ferdsel til andre formål må du ha løyve frå kommunen. Merk at det ikkje er høve til å gje løyve til turkøyring( sjå unntak for Finnmark og Nord-Troms).

Målgruppe

Personar som har behov for å bruke motorfartøy eller luftfartøy i utmark og vassdrag til formål som ikkje er offentleg godkjente nytteformål.

Kriterium/vilkår

Ein må søkje om løyve for å bruke motorfartøy eller luftfartøy til dei formåla som er spesielt lista opp (sjå lenkje til forskrift nedanfor). Det gjeld til dømes bruk av snøskuter
  • der fastbuande vil ta på seg køyreoppdrag (transport av funksjonshemma, transport av ved, tilsyn av privat hytte o.a.)
  • der hytteeigar vil transportere bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte
I unntakstilfelle og når det ligg føre særskilte grunnar, kan kommunen gje løyve til motorferdsel knytt til formål som forskrifta ikke nemner spesielt. Søkjaren må ha eit særskilt behov som han ikkje kan få dekt på annan måte, og som ikkje er knytt til turkøyring. Kommunen vil gjere ei konkret vurdering der ein vurderer behovet mot moglege skadar og ulemper. Det skal veldig mykje til før det kan utstedast eit slikt løyve (dispensasjon).

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Lov om fritids- og småbåter §§ 38-40 (om vasskuter) Forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag: § 2 (om motorferdsel på bar mark) § 3 (om motorferdsel på vinterføre) § 4 (om unntak for Finnmark og Troms) § 5 (om bruk av snøskuter) § 6 (om unntakstilfelle)

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Kommunen (eller Fylkesmannen) gir informasjon om kva ein har høve til å gjere etter lov og forskrift, og kva ein må søkje om løyve til. Behovet må vere dokumentert, og søknaden må innehalde alle dei opplysningane som kommunen treng for å kunne ta stilling til søknaden.

Vedlegg

  • Ved transport av funksjonshemma må ein leggje ved legeattest
  • Ved transport til hytte må ein dokumentere eigarforholdet
  • Kart som viser planlagd køyretrasé
  • Eventuell dokumentasjon av særlege behov

Søknadsfrist

Søknaden må sendast i god tid.

Høve til klage

Dersom kommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ynskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før kommunen sender klagen dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket vert ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

Om ordføraren

Ordførar Solfrid Borge

Tlf:  53 67 15 07

Mobil: 952 43 044

E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Om å kontakta ordføraren:

Ta gjerne kontakt med ordførar. Men ha på minnet at både e-postsendingar og annan post vil verta handsama i samsvar med "Lov om offentlighet i forvaltningen." Dermed må du rekna med at innhaldet i meldinga di kan bli offentleg tilgjengeleg.

Dersom du ynsker å treffa ordføraren, kan det vera greit å avtale tid på førehand slik at du er sikker på at ho er på kontoret. 

Ordføraren sine oppgåver:

  • Ordføraren er heradet sin rettslege representant og skriv under på heradet sine vegne der mynde ikkje er tildelt andre
  • Ordføraren har møte- og talerett i alle kommunale organ, men stemmerett og forslagsrett kun dersom ho/han er eit vald medlem
  • Ordføraren kan fatta vedtak i einskild saker eller type saker som ikkje er av prinsipiell karakter, dersom heradstyret gjev slik mynde

Sjølvbetening

Velkomen til Ullensvang herad sin sjølvbeteningsportal

Skjema

I skjemaportalen finn du elektroniske skjema som du kan fylle ut på internett og sende inn elektronisk.  Ved å logge deg inn kan du opprette din eigen brukarprofil i portalen. Dette gjev deg mellom anna tilgang til å mellomlagre dine skjema før du sender dei inn til oss. I tillegg får du ei oversikt over dine innsendte skjema med referansenummer som du kan oppgje i kontakt med heradet.

Skjema som ikkje ligg i skjemaportalen finn du under "Andre skjema" i PDF format. Dei må du lasta ned, skriva ut, fylla ut og returnera. Enkelte lar seg fylla ut elektronisk før du skriv dei ut.

Andre nettressursar

Minsak.no

Lenkje: https://minsak.no/

Her kan du føreslå saker du meiner vil gjere din kommune eller fylkeskommune betre.

Du treng underskrifter frå to prosent av innbyggjarane, alternativt 300 personar i kommunen eller 500 personar i fylket.

Alle kan føreslå saker i sin eigen kommune eller fylkeskommune. Du må ikkje ha stemmerett eller ha fylt 18 år.

FiksGataMi

Lenkje: http://www.fiksgatami.no/

Kva er FiksGatami?

FiksGataMi er ein nettstad for å hjelpa folk til å rapportera problem, visa, eller diskutera lokale problem dei har funne i sitt område med ganske enkelt å finna dei på eit kart. Du kan melde problem utan å tenkje på kva offentleg myndigheit som er ansvarleg for å løyse det, det finn FiksGataMi ut for deg.

Infoland

Lenkje: https://infoland.ambita.com/#/

Infoland® er ein av dei største elektroniske marknadsplassane i Noreg. Meir enn 1650 bedrifter innan eigedomsmekling, eigedomstaksering, bankverksemd samt bygg- og anlegg får tilgang til eigedomsinformasjon, kart- og plandata frå kommunar, kraftselskap, renovasjonsselskap, takstmenn m.v.

Eigendomsregisteret, EDR, er også tilgjengeleg via Infoland®, inkl. bestilling av pantebokutskrifter og andre utskrifter frå Grunnboka.

Infoland® er utvikla av, vert eigd og dreve av Norsk Eiendomsinformasjon as.

Kart

Lenkje: http://kommunekart.com

Fonnakart er eit samarbeid mellom 19 kommunar i Hardanger, Sunnhordland og Nord-Rogaland. Kartportalen Fonnakart inneheld kommunenes mest detaljerte kartdata. I Fonnakart finn du blant anna eigedomsgrenser, vegar og bygningar. I tillegg får ein detaljerte flyfoto og oversiktskart i 1:50 000 og 1: 250 000. Det er Norkart AS i Bergen/Oslo som er ansvarleg for utarbeiding og drift av kartportalen.

Varsling 24

Lenkje: http://varsling24.no/

Kommuner i hele Norge benytter Varsling 24 for utsendelse av meldinger til innbyggere via SMS og telefonoppringing. I noen tilfeller kommer ikke varslingen ut til alle berørte abonnenter. Det kan være fordi:

  • Har du nylig flyttet?
  • Har du mobiltelefon registrert på arbeidsgiver?
  • Har du hemmelig telefonnummer?

Side 1 av 3