Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 +

    Her vil du finna informasjon om Kommunestyrevalet 2019. Les meir
  • Høyring - Hovudplan Vassforsyning / Hovudplan avlaup. +

    Ullensvang herad har vedteke å leggje utkast til hovudplanar for høvesvis vassforsyning og avlaup ut til høyring og offentleg ettersyn. Les meir
  • 1

Emneord

Utdanningsstilling i allmennmedisin - ALIS-Vest - ved Lofthus legekontor

I hjarta av Hardanger ligg Noregs største frukthage med om lag 3 400 stolte innbyggjarar. Ullensvang er ein region med trivsel og opplevingar, storslått natur, levande kultur, spanande historie og eit variert næringsliv. Er du aktiv har me mykje å tilby: feriepark, trimstover, go-kart, gardsbutikk, leirskule, museum og eit breitt tilbod av idrett og friluftsliv. Vil du ta deg ein tur åleine eller i selskap med gode vener, har me innfallsporten til fantastiske Hardangervidda Nasjonalpark og Folgefonna. Heradet har spreidd busetnad med gode småskular og barnehagar. Med dei gode oppvekstvilkåra borna våre får, er Ullensvang ein stad å satsa på.

Ullensvang herad har frå 1. september 2019 1 ledig ALIS stilling på Lofthus legekontor. Lofthus legekontor har 3 legar og har p.t. ca 2150 pasientar. Ullensvang herad har i tillegg Utne legekontor, der det er to legestillingar og stilling for turnuskandidat. Heradet har nett vedteke å gå vidare med mulighetsstudie/forprosjekt for helse- og omsorgssenter i Kinsarvik, slik at legetenesta kan ta i bruk nye lokale samlokalisert med andre helse- og omsorgtenester i heradet. Kommunane Jondal, Odda og Ullensvang vil frå 2020 vera ein kommune, og arbeide med dette er også i støypeskjeia. Den nytilsette vil saman med kollegaer vera med på utforming av framtidige helse- og omsorgstenester. Elles dei tre kommunane om felles Ullensvang interkommunal legevakt lokalisert til Odda sjukehus, der det no er 13-delt vakt på legevaktstasjonen.

Utdanningsstilling i allmennmedisin - ALIS-Vest

Ullensvang herad har ledig ein fastlønna legestilling. Stillinga skal dei første 5 åra knytast til eit pilotprosjekt med spesialistutdanning i allmennmedisin-ALIS-VEST. Stillinga vil vera tilknytt lofthus legesenter med 2 fastlegar, og det vert sikra rettleiing og tilrettelegging for spesialistutdanning. Stillinga innebærer også arbeid på sjukeheim, ØHD-seng og legevakt. Legen forpliktar seg til å gjennomføra dei kurs og delta i rettleiing og dei læringsaktivitetar som vert krevd for gjennomføring av spesialistutdanninga og som vert del av prosjekt ALIS-VEST (https://alisvest.wordpress.com/). Det er ønskjeleg med oppstart 16.september 2019.

Kvalifikasjonar

  • Godkjend norsk autorisasjon som lege
  • Søkjar må ha fullført turnus eller fått godkjend tilsvarande teneste av Helsedirektoratet som gir høve til å praktisere som fastlege med trygderefusjon.

Fagleg dyktig og gode samarbeidsevner

  • Gode norskkunnskapar og kommunikasjonsevner vert vektlagd. Søkere som ikke har skandinavisk bakgrunn, må dokumentere sitt språknivå. Kravet er nivå C1 (Bergenstesten).
  • Har førarkort for personbil
  • Har tilgang til eigen bil

Utdanningsretning

  • Medisin / Helse / Sosialfag

Utdanningsnivå

  • Høyskole / Universitet, Hovedfag / Mastergrad

Personlege Eigenskapar

Personlege eigenskaper vil bli vektlagt.

Kontaktinformasjon

  • Jørgen Lerik Ninn, Verksemdsleiar, 91338570, Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
  • Daniela Brühl, Kommuneoverlege, 53671340, Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Arbeidsstad

Lofthus

Dei tilsette legane vil verta viktige medspelarar til å forma helsetenesta vår i åra som kjem.

St.nr: 19/674

Send søknad innan 16.09.19 til Ullensvang herad, 5780 KINSARVIK