Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope 09:00 - 14:30

Ekspedisjonen ope 09:00 - 14:30

Tlf: 53 67 15 00

Fax: 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: Sandvikevegen 11, 5780 KINSARVIK

Org. nummer 964 967 903

Søk

Framheva saker

  • Nye Ullensvang kommune +

    Ullensvang kommune har fått eigen nettstad!   Du finn den her:http://www.ullensvang.kommune.no Les meir
  • Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2021 +

    Her finn du budsjett, gebyrregulativ for 2019 og økonomiplan for 2019 - 2021.  pdfØkoplan budsjett 2019 2022 HST (1.11 MB)  pdfGebyrregulativ 2019 (514 Les meir
  • Informasjon om vigsel i Ullensvang herad +

    Borgarleg vigsel i Ullensvang herad Frå 01.01.2018 overtek kommunane ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Informasjonen i skrivet utdjupar Ullensvang Les meir
  • BARNEHAGEPLASS +

    Barnehage - ny plass, permisjon, endring og oppseiing. Søknad skal sendast elektronisk, gå inn på: https://barnehage.visma.no/ullensvang Brukarmanual for søknadsskjema finn du Les meir
  • Høyring - Hovudplan Vassforsyning / Hovudplan avlaup. +

    Ullensvang herad har vedteke å leggje utkast til hovudplanar for høvesvis vassforsyning og avlaup ut til høyring og offentleg ettersyn. Les meir
  • Målesesongen for radon startar 15.10 og varer til 15.04 +

    Har du trong for/ eller ynskje om å måle radon i bustaden din? Det kan vera som dokumentasjon for ferdigattest Les meir
  • 1

Emneord

Ledige stillingar i Kinsarvik barnehage


- Vikariat som pedagogisk leiar/barnehagelærar, 100 %, i tidsrommet 01.01.2020 tom 11.08.2020.

Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar, kan stillinga verta gjort om til assistent/barne- og ungdomsarbeidar stilling.

- Vikariat i 40 % som barne-og ungdomsarbeidar/assistent, 20 % frå 01.01.2020, og 20 % frå 03.02.20 tom 11.08.2020.

Søknadsfrist: 01.11.2019

 Søknad merka  ST.NR. 19/799 sender du her:  Skjemaportal Ullensvan herad

Vernepleiar 100 % fast stilling i tenesta for funksjonshemma

Tenesta for funksjonshemma er lokalisert i Kinsarvik i vakre Hardanger. Tenesta yt tenester til personar som har eit særlig hjelpebehov på grunn av utviklingshemming/funksjonshemming. Tenestene vert gitt etter prinsippet om hjelp til sjølvhjelp.

Tenesta har ledig 100 % fast vernepleiarstilling for faglig dyktig og engasjert vernepleiar. Andre med relevant helsefagleg/sosialfagleg utdanning på høgskulenivå oppfordres til å søka. Stillinga inngår i fastsett turnus for tida med langvakter på vekedagar og 4. kvar helg med langvakter/døgnvakter.

Arbeidsoppgåver:

  • Tilsett har ansvar for tenesteyting, og følgjer bebuar i alle gjøremål.
  • Målretta miljøarbeid
  • Utvikling, oppfylging og evaluering av tiltak/planar
  • Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Fagansvar
  • Vegleiing av anna personell
  • Du skal vere med å bidra til at tenestemottakarane får individuelt tilpassa tenester, at dei har ein meiningsfylt og aktiv kvardag i tråd med lovverk, fagleg kjende metodar og etiske retningslinjer.

 

Utdanningskrav:

  • Autorisasjon som vernepleiar. Eller relevant helsefagleg/sosialfagleg utdanning på høgskulenivå

Kvalifikasjonar

  • Kompetanse i systematisk og målretta miljøarbeid
  • Du har fagleg og personleg styrke til å handtere ulike situasjonar.
  • Du har erfaring frå målretta miljøarbeid for personar med utviklingshemming.
  • Du innehar gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.

       Personlege eigenskapar:

  • Fagleg engasjert
  • Påliteleg
  • Du er sjølvstendig og målbevisst, har stå på vilje og godt humør.
  • Du har gode samarbeidsevner og er fleksibel og omgjengeleg. Du vil delta aktivt i å skapa eit godt arbeidsmiljø.
  • Du likar å vere i fysisk aktivitet og tek utfordringar på strak arm.

 

       Me kan tilby:

  • Tid til administrativt arbeid
  • Varierte arbeidsoppgåver
  •  Ei teneste i utvikling der du får vere ein aktiv deltakar og pådrivar i utviklingsarbeidet
  • Kjekke kollegaer

 

Stillinga er ledig frå 1. november 2019.

Referansar:

Det er ønskeleg at du oppgjev 2 referansar.

Kontaktinfo:

Tenesteleiar Lena Fresvik tlf. 46 89 48 65, eller avdelingsleiar Siv Beate Bakke tlf 97 07 35 04

Søknadsfrist: 25.10.2019

Søknad merka  ST.NR. 19/797 sender du her:  Skjemaportal Ullensvan herad

Politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

Ledige stillingar i helse og omsorgstenesta vest i Ullensvang herad:

Omsorgstenesta i Ullensvang herad er ei samordna teneste.

Omsorgstenesta vest har base på Utneheimen , Utne.

Dei som arbeider her kan få oppgåver både på institusjonen og i heimesjukepleien alt etter kvar det er bruk for den enkelte sin kompetanse.

Utneheimen har 28 plasser. 22 plasser på somatisk avdeling og 6 plasser på avdeling for personar med demenssjukdom.

Fast sjukepleiarstilling, 100 % i turnus

Ledig fom den 16.12.2019

Arbeidsoppgåver vil vera

- oppfylgjing, pleie og omsorg av pasientar både på institusjon og i heimebaserte tenester

- arbeidsleiar på seinvakter, nattevakter og helg/høgtid

- medisnhandtering og tillaging

- legevisitt og oppfølgjing etter den

- dokumentasjon og ajourhold i elektronisk pasientjournal

- ferdigheiter til å vurdere behov for sjukepleie og formidla det munnleg og skriftleg

- arbeid både inne på instistusjon og i heiembaserte tenester

- samarbeid med andre yrkesgrupper

- vere ein god rollemodell og vegleie andre

Kvalifikasjonar

- Bachelor i sjukepleie

- erfaring frå arbeid i eldreomsorgen er ynskjeleg

- meistre dei vanlegaste dataverktøy

Personlege eigenskapar

- lika å arbeide med eldre mennesker og ha interesse for fagfeltet

- vera endringsdyktig

- godt humør og positiv innstilling

- personlege eigenskapar vert vektlagt

Fast helsefagarbeidarstilling 100 % i turnus. Anna kvar helg

Ledig fom den 01.01.2020

Arbeidsoppgåvene dine vil vere :

- oppfylgjing, pleie og omsorg av pasientar

- tilretteleggje for deltaking i aktivitetar

- samarbeid med andre yrkesgrupper

- vere ein god rollemodell og vegleie andre

- medisinhandtering

Kvalifikasjonar:

- autorisert helsefargarbeidar eller annan helsefagleg utdanning

- erfaring frå arbeid med eldre er ynskjeleg

- meistre dei vanlegaste dataverktøy

- sjølvstendig, fleksibel og ha gode samarbeidsevner

Personlege eigenskapar

- lika å arbeide med eldre mennesker og ha interesse for fagfeltet

- ha gode samarbeidsevner og bidra til godt arbeidsmiljø

- ansvarsbevisst

- ha evne og vilje til fleksibilitet

- sjå moglegheiter og løysingar

Faste helgestillingar 14 % ( tredje kvar) og 21,13% ( anna kvar)

Ledig fom dags dato

Assistentar og studentar kan søkje

Stillingane kan ikkje delast opp

Framandspråklege søkjarar må ha tilsvarande kunnskapar norsk prøve B2 munnleg og B1 skriftleg.

Søkjarar må ha gyldig Norsk sertifikat.

Sjå meir på www.ullensvang.herad.no

Ta gjerne kontakt med Kari Skare Storhei., tenesteleiar for meir informasjon tlf. 53 67 10 60 eller 90999842.

Søknad og CV merka ST.NR: 19774  skal sendast elektronisk, gå inn på https://e-skjema.no/ullensvang/ .

Søknadsfrist: 20.10.19

Ledig fastlegeheimel ved Odda Legesenter i Ullensvang kommune

 Ledig fastlegeheimel ved Odda Legesenter i Ullensvang kommune

Klikk HER for å sjå framvising av fastlegeheimelen.

Ullensvang kommune er ein ny kommune frå 01.01.2020. Den nye kommunen er ein samanslåing av Odda kommune, Ullensvang herad og Jondal kommune.

Ullensvang kommune har rundt 11 000 innbyggjarar med 5 senter: Odda, Røldal, Kinsarvik, Utne og Jondal. Me har gode moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar både sommar og vinter, med Folgefonna og Hardangervidda innan kort rekkevidde. Trolltunga, Låtefoss, Folgefonna med Buerbreen og Dronningstien er kjende turistattraksjonar. Kommunen er vertkommune for sjukehus og vidaregåande skule, me har god barnehagedekning og skulefritidsordning.

I den nye kommunen har me 16 fastlegeheimlar fordelt på 4 legekontor.

 Odda Legesenter har 9 fastlegeheimar, utekontor Røldal

 Utne Legekontor har 2 fastlegeheimlar

 Lofthus Legekontor har 3 fastlegeheimlar

 Jondal Legekontor har 2 fastlegeheimlar

Kommunen har i dag 2 LIS 1 legar som har kontorstad ved Odda Legesenter og Utne Legekontor.

Den ledige fastlegeheimelen er lokalisert ved Odda Legesenter som er eit nytt legesenter med 9 fastlegeheimlar. Alle 9 heimlane er bemanna med faste legar. Det er blanding av nye, unge legar og legar med erfaring. Det er både private fastlegar med kommunal avtale og legar som er kommunalt tilsett.

Kommunen er registrert som utdanningsinstitusjon og har erfaring med å organisere spesialistutdanning. Kommunen har sidan hausten 2017 deltatt i ALIS VEST prosjektet med 2 legar.

Som fastlege i kommunen kan det tilpliktast kommunale offentlege oppgåver inntil 7,5 timar/veke.

Som fastlege i kommunen er ein med i den interkommunale legevakttenesta. Odda interkommunale legevakt er ein av tre legevaktstasjonar i Hardanger og Voss legevaktdistrikt som i tillegg har legevaktstasjonar på Voss og i Kvam. Legevaktstasjonen er i dag stasjonert ved Odda sjukehus. Vår ref. Arkivkode Dato: 2019013951 K1-411 27.09.2019 Ullensvang kommune

Søkaren må ha:

 Norsk autorisasjon som lege

 Meistre norsk språk skriftleg og munnleg

 Ha gode samarbeidsevner

 Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

 Det må framleggast politiattest før tilsetjing

Kommunen kan tilby:

 Høgt fagleg nivå på tenesta

 Organisere spesialistutdanning innan allmennmedisin

 Eit godt arbeidsmiljø

 God barnehagedekning

 Hjelp til å skaffe bustad

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å henvenda seg til verksemdsleiar Marit Dagestad på tlf.: 975 58 522

 Søknad kan sendast via Odda kommune sitt søknadsskjema som ein finn her: https://www.odda.kommune.no/selvbetjening/  

Søknadsfrist: 22.10.19

100 % vikariat som helsesjukepleiar ved Ullensvang helsestasjon

Stilling nr. 19/694

Ullensvang herad har ledig 100% vikariat som helsesjukepleiar ved Ullensvang helsestasjon. Tiltreding frå 01.11.19.

Vikariatet varar i perioden 01.11.19 til 23.10.20. med moglegheit for forlenging.

Hovudarbeidsoppgåver:

Helsestasjonstilbodet er av førebyggjande og helsefremjande art og omfattar svangerskapsomsorg, helsestasjon for barn frå 0-5 år, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom (HFU).

Arbeidsoppgåvene lagt til stillinga vil i hovudsak vere skulehelseteneste på barne- og ungdomskule. Ved kommunesamanslåing januar 2020 kan det verta aktuelt med andre arbeidsoppgåver innan helsestasjonstenesta.

Du vil delta i eit godt tverrfagleg samarbeid med ulike faggrupper og få utfordrande arbeidsdagar i eit godt og kompetent fagmiljø. Me har eit fast fagprogram og eit årshjul som vert fulgt på bakgrunn av myndigheitenes anbefalingar for helsestasjonstenesta.

Kvalifikasjonar for stillinga:

Sjukepleiar med godkjend helsesjukepleiarutdanning.
Det vert lagt vekt på om du er skikka til stillinga.
Om det ikkje melder seg kvalifiserte helsesjukepleiarar kan sjukepleiarar tilsetjast i ein tidsbegrensa periode.

Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta. God munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Du må disponera eigen bil i tenesta. Før tilsetjing må det framleggjast politiattest.

Lønsvilkår:

Etter hovudtariffavtale

Arbeidsstad:

Ullensvang helsestasjon har hovudkontor på Heradshuset, 5780 Kinsarvik med underavdeling på Utne lækjarkontor, 5778 Utne. Frå kommunesamanslåing januar 2020 kan det verte endringar i plassering av hovudkontor.
Nærare opplysningar får du ved å ta kontakt med konstituert leiande helsesjukepleiar, Sigrid Kambestad på tlf: 416 97 183.

Stilling nr. 19/694

Søk på stilling

Søknadsfrist: 30.09.2019.

Utdanningsstilling i allmennmedisin - ALIS-Vest - ved Lofthus legekontor

I hjarta av Hardanger ligg Noregs største frukthage med om lag 3 400 stolte innbyggjarar. Ullensvang er ein region med trivsel og opplevingar, storslått natur, levande kultur, spanande historie og eit variert næringsliv. Er du aktiv har me mykje å tilby: feriepark, trimstover, go-kart, gardsbutikk, leirskule, museum og eit breitt tilbod av idrett og friluftsliv. Vil du ta deg ein tur åleine eller i selskap med gode vener, har me innfallsporten til fantastiske Hardangervidda Nasjonalpark og Folgefonna. Heradet har spreidd busetnad med gode småskular og barnehagar. Med dei gode oppvekstvilkåra borna våre får, er Ullensvang ein stad å satsa på.

Ullensvang herad har frå 1. september 2019 1 ledig ALIS stilling på Lofthus legekontor. Lofthus legekontor har 3 legar og har p.t. ca 2150 pasientar. Ullensvang herad har i tillegg Utne legekontor, der det er to legestillingar og stilling for turnuskandidat. Heradet har nett vedteke å gå vidare med mulighetsstudie/forprosjekt for helse- og omsorgssenter i Kinsarvik, slik at legetenesta kan ta i bruk nye lokale samlokalisert med andre helse- og omsorgtenester i heradet. Kommunane Jondal, Odda og Ullensvang vil frå 2020 vera ein kommune, og arbeide med dette er også i støypeskjeia. Den nytilsette vil saman med kollegaer vera med på utforming av framtidige helse- og omsorgstenester. Elles dei tre kommunane om felles Ullensvang interkommunal legevakt lokalisert til Odda sjukehus, der det no er 13-delt vakt på legevaktstasjonen.

Utdanningsstilling i allmennmedisin - ALIS-Vest

Ullensvang herad har ledig ein fastlønna legestilling. Stillinga skal dei første 5 åra knytast til eit pilotprosjekt med spesialistutdanning i allmennmedisin-ALIS-VEST. Stillinga vil vera tilknytt lofthus legesenter med 2 fastlegar, og det vert sikra rettleiing og tilrettelegging for spesialistutdanning. Stillinga innebærer også arbeid på sjukeheim, ØHD-seng og legevakt. Legen forpliktar seg til å gjennomføra dei kurs og delta i rettleiing og dei læringsaktivitetar som vert krevd for gjennomføring av spesialistutdanninga og som vert del av prosjekt ALIS-VEST (https://alisvest.wordpress.com/). Det er ønskjeleg med oppstart 16.september 2019.

Kvalifikasjonar

  • Godkjend norsk autorisasjon som lege
  • Søkjar må ha fullført turnus eller fått godkjend tilsvarande teneste av Helsedirektoratet som gir høve til å praktisere som fastlege med trygderefusjon.

Fagleg dyktig og gode samarbeidsevner

  • Gode norskkunnskapar og kommunikasjonsevner vert vektlagd. Søkere som ikke har skandinavisk bakgrunn, må dokumentere sitt språknivå. Kravet er nivå C1 (Bergenstesten).
  • Har førarkort for personbil
  • Har tilgang til eigen bil

Utdanningsretning

  • Medisin / Helse / Sosialfag

Utdanningsnivå

  • Høyskole / Universitet, Hovedfag / Mastergrad

Personlege Eigenskapar

Personlege eigenskaper vil bli vektlagt.

Kontaktinformasjon

  • Jørgen Lerik Ninn, Verksemdsleiar, 91338570, Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
  • Daniela Brühl, Kommuneoverlege, 53671340, Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Arbeidsstad

Lofthus

Dei tilsette legane vil verta viktige medspelarar til å forma helsetenesta vår i åra som kjem.

St.nr: 19/674

Send søknad innan 18.10.19 til Ullensvang herad, 5780 KINSARVIK

Elektronisk søknad merka ST.nr. 19/647 sender du her.

Side 1 av 2