Nærbilete av sluk med rennande vatn

Informasjon om vass- og avløpsgebyr

Eigar av eigedom som er tilknytt kommunalt leidningsnett, vert fakturert eit årsgebyr for vatn og avløp.

Gebyr

Årsgebyr = fast del + forbruksdel (stipulert i høve til arealstorleik på bygning eller målt vassforbruk med vassmålar)

  • Fast vassgebyr
  • Forbruksgebyr for vatn (bruksareal eller vassmålar)
  • Fast avløpsgebyr
  • Forbruksgebyr for avløp (bruksareal eller vassmålar)

For alle abonnentar gjeld at avløpsmengd vert rekna lik vassmengda. 

Fastgebyr per eining jf. lokal forskrift om vass- og avløpsgebyr i Ullensvang kommune. Det vil seie at dersom du leiger ut t.d. leiligheit i kjellar, må du betale to fastgebyr.

Eigar av bustadeigedom kan velja om han vil betala forbruksgebyr etter målt forbruk med vassmålar eller etter stipulert forbruk ut i frå bruksareal på huset. Næringseigedomar og offentlege verksemder skal betala forbruksgebyr på grunnlag av målt forbruk med vassmålar.

Bruksareal (alt areal innanfor ytterveggar) ligg til grunn for utrekning av dei stipulerte forbruksgebyra. Døme på utrekning av forbruksgebyr for ein bustad på 120 m²: 120 m² * 1,2 (omrekningsfaktor) = stipulert forbruk: 144 m³.

Det er altså arealet som er grunnlag for utrekning av stipulerte forbruksgebyr, ikkje tal på personar i husstanden. Abonnentar som meiner at dei kjem dårleg ut kan installera vassmålar og betala etter målt forbruk. 

 

Avlesing av vassmålar

For dei som har vassmålar, vert avlesing av vassforbruk gjort ein gong i året (kring årsskiftet), og avrekninga kjem tidleg neste år. Avrekninga går ut på om du har betalt for mykje eller for lite i forskudd. 

Stipulert forbruksgebyret for bygg som er registrert som «fritidshus» eller «bustad nytta som fritidshus» i matrikkelen (det nasjonale eigedomsregisteret) er sett til 50 % av forbruk for bustader.

 

Meir informasjon om vass- og avløpsgebyr;