Nye bygdebøker for Ullensvang

Band 3: Ålmennsoga Noregs frukthage: omhandlar livsfasane for folk i Ullensvang dei siste 70 åra
Band 4: Stadnamnboka Frå fjell til fjøre: stadnamn frå alle gardane i Ullensvang

Salsstader:
Spar Kinsarvik – Bunnpris Lofthus – Spar Nå – Nærbutikken Grimo – Joker Utne – Kinsarvik, Utne og Nå bibliotek – Heradshuset

Pris pr. band                                                                                      kr.  499,-.
Band 1 og 2 samla (Heimar og folk  Austsida og Vest og nordsida) kr.  899,-.
Band 3 og 4 samla (Ålmensoge og Stadnamn)                                 kr.  899,-.
Band 1-3 samla                                                                                  kr. 1199,-
Alle fire banda samla                                                                          kr. 1599,-

Me kan og senda bygdebøker eller gjera avtale om stad for levering av bygdebøkene – ta kontakt på telefon 53 67 15 00

Møt bygdebokforfattarane

Dei to siste bygdebøkene for Ullensvang, Noregs frukthage – ålmennsoge og Frå fjell til fjøre – stadnamn, er no i sal, og laurdag 3. desember kjem forfattarane Marta Gjernes og Erlend Trones til jolemarknaden på Lofthus for å signera bøker.

Vil du sikra deg jolegåver som familie og vener verkeleg kjem til å setja pris på, så nytt høvet no. Møt opp på jolemarknaden på Krossvoll laurdag 3. desember frå kl 10.00.

Bøkene er elles å få kjøpt på heradshuset, biblioteka, Spar Kinsarvik, Bunnpris Lofthus, Spar Nå, Nærbutikken Grimo og Joker Utne.

Pris: 499,- for eitt band, 899,- for to band og 1599,- for fire band.

Plakat

Boklansering

Laurdag 12. november kl. 11.30 vert det presentasjon av dei to siste bygdebøkene på Hardanger folkemuseum på Utne. 
Band 3, Ålmennsoga Noregs frukthage, omhandlar kvardagslivet til folk i Ullensvang dei siste 70 åra.
Band 4, Stadnamnboka Frå fjell til fjøre, plasserer og forklarar stadnamn frå alle gardane i Ullensvang.
Etter programmet vert det boksal. Forfattarane Marta Gjernes og Erlend Trones signerer bøker.
Kafeen er open frå kl. 11.00.
Alle er velkomne! Ullensvang bygdeboknemnd

Bøkene kan seinare kjøpast på fylgjande stader:
• Heradshuset • Spar Kinsarvik • Bunnpris Lofthus • Spar Nå • Nærbutikken Grimo
• Joker Utne • Kinsarvik, Utne og Nå bibliotek
Pris: 499,- for eitt band, 899,- for to band og 1599,- for fire band
Spørsmål om salet kan rettast til Eva Wiberg, tlf 53671514.

Noregs frukthageFrå fjell til fjøre

Rettingar til bygdebøkene for Ullensvang

Det er framleis høve til å senda inn rettingar og utegløymde opplysningar til Bygdeboknemnda. Både opplysningar om namn, årstal, relasjonar, bilettekstar, manglande personar og andre fakta er av interesse.

Meld opplysningane til oss pr. brev eller e-post. Postadressa er Bygdebok, Ullensvang herad, 5780 Kinsarvik. E-post: marta.gjernes@ullensvang.herad.no. Tlf. 98 459 812.

Ullensvang bygdeboknemnd

Signerte bygdebøker som jolegåve?

Årets jolegåve
Forfattar Marta Gjernes vil signera bygdebøkene Heimar og folk på
  • Grimohuset fredag 28. nov. kl. 13–17
  • Spar i Kinsarvik laurdag 29. nov. kl. 12–16
Bøkene er elles å få kjøp på heradshuset, biblioteka, Hardanger Folkemuseum, Bunnpris Lofthus, Spar Nå og T.G. Alvsåker
  • Pris pr. bok      498,-
  • Pris pr. sett      898,-
Band 1 dekkjer alle bustader på austsida av Ullensvang herad.
Band 2 dekkjer bustadene på vest- og nordsida av fjorden, og har i tillegg personregister for båe banda.

Dei to fyrste banda av dei nye bygdebøkene for Ullensvang, Heimar og folk, er til sals

Bøkene kjøpast på fylgjande stader:

– butikken på Nå, i Grimo, på Utne, i Kinsarvik og på Lofthus
– Hardanger folkemuseum på Utne
– heradshuset i Kinsarvik
– biblioteket på Nå, på Utne og i Kinsarvik.

Pris: 498,- for enkeltband og 898,- for begge banda

Spørsmål om salet kan rettast til Marianne L. Ystanes, tlf 53671508.

Dei gamle bøkene av Olav Kolltveit er framleis i sal og kan kjøpast på Hardanger Folkemuseum

 

Omtale: 

Ullensvang 1964–2014 er eit bokverk i fire band, og er ei vidareføring av bygdebøkene om Ullensvang og Kinsarvik av Olav Kolltveit, som kom ut 1971–1974.

Dei to fyrste banda, Heimar og folk, inneheld historia om bustadene og folket i heradet fram til i dag. Band 1 tek for seg austsida av fjorden frå Ytre Bu til Skjeldås. Band 2 tek for seg vestsida av fjorden frå Ytre Kvitno til Vetlås og Oksenhalvøyè frå Longeskòr til Kaland. Ættarsoga til kvar bygd er innleidd med eit kort kapittel, og kvar gard har oversyn over historiske skrivemåtar for gardsnamna. Gardane er fotograferte på nytt frå fjorden.

boksleppx

Foto: Mette Bleken, Hardanger Folkeblad

Kontroll av ættesoga i november og desember 2012

Utsending til husstandane
Alle husstandar i Ullensvang vil i slutten av november få tilsendt eit utkast av ættesoga som gjeld deira bustad. Dette vert siste sjanse til å få med opplysingar om hus, heim og familie.

Her finn de informasjon om korleis kontrollen vil gå føre seg: Manuskontroll

Her finn de informasjon om grendekontaktar som vil hjelpa til med innsamlinga av eventuelle rettingar:  Grendekontaktar