|
Kulturhelg i Ullensvang kyrkje |
|
|
|
|
Forfatta av Administrator
|
|
tysdag 03. november 2009 |
30 born frå Kinsarvik og Ullensvang sokn møtte til musikkverkstad laurdag 10. oktober. Tema for dagen var hausttakkefest, og me brukte timane til å syngja, spela og høyre forteljingar.

FOR FLEIRE BILETE, SJÅ UNDER "BILETE".
Alle fekk kvar sin perlekrans, Kristuskransen, og me blei kjent med
nokre av perlene i tilknyting til forteljingane frå gudstenesta. Etter
første økt gjekk me ut for å leita etter den blå perla – gledesperla. I
prestegarden høyrte me høge rop- ”kyrie eleison”. Der satt ein blind
mann og ropte. Her blei me kjent med forteljinga om den blinde
Bartimeus, han som Jesus høyrte og hjalp. Njål Engmark hadde rolla som
Bartimeus på ein svært truverdig måte! Bartimeus hadde med seg den blå
perla til oss. Tilbake til kyrkje skulle me sjå etter englar. Der er
bilete av englar på alteret, men plutseleg kom ein levande engel fram.
Engelen hadde med seg Gudsperla, og ho fortalde frå julenatta då mange
englar kom til jorda og song Gloria – ære vere Gud i det høgste. Etter
dette fikk me ei roleg stund med musikk, der alle låg og tenkte på kvar
si perle. Dei som ville kunne fortelja om tankane sine etterpå. Og det
var mange som ville sei litt om løyndomsperla, Gudsperla eller
gledeperla.
På soknehuset fekk me pizza, og etter dette var me klare til siste økt.
Det var tid for orkester. Saman lagde me ein improvisasjon over ”Litle
fuglen” med song, ulike instrument, fuglefløyter og fløytist Silje
Hveem som solist. Alle borna stod eller sat i koret, og det blei ei
flott oppleving når kyrkjelyden gjekk gjennom dette orkesteret for å
gje takkoffer på gudstenesta dagen etter. Borna tok del med fleire
songar i tillegg til orkesteret på sundag. Både haustsong med blader
frå tre som vart kasta i veret, ein vakker motett ”vokt meg som din
øyesten” til dåpsborna og John Rutter sin ”Se på din värld” som blei
framført saman med vakre bilete som Gunvor og Åsmund Aarvik hadde
hadde sett saman. Eit høgdepunkt blei det når alle borna reiste seg og
spelte kazoo på salmen Måne og sol saman med organisten. Me veit ikkje
om det er gjort andre stader, det er verdt å prøve!
Kulturhelga var ein del av Ullensvang sitt trusopplæringsprosjekt. Takk til alle borna som var med!

|