Ullensvang herad
 
Hovudmeny
Framsida
Kyrkjene
DÃ¥p
Konfirmasjon
Vigsel
Gravferd
Kyrkjegard
Bilete
- - - - - - -
Ullensvang herad
Kyrkja.no
Størst av alt
- - - - - - -
Administrator
Brukarnamn

Passord

Hugs meg
Gløymd passordet?
Nytt
KULTURHELG I KINSARVIK SOKN
Forfatta av Administrator   
tysdag 07. februar 2012

logo.jpgLaurdag 18. og sundag 19.februar inviterer me born i 2.-4.klasse i

Ullensvang og Kinsarvik sokn til kulturhelg i Kinsarvik.

Det vert mange kjekke aktivitetar -

ballspel, gudstenesteverkstad, forming, foto/rolleleik.

 
Det vert 4 grupper med ulike aktivitetar - ballspel i gymsalen, foto/rolleleik, hobbyaktivitetar og gudstenesteverkstad. Me lager eit stort bilete saman som me skal bruke på familiegudstenesta på sundagen. Bjørn Tore Sæle, presten vår, skal være med å lære oss ein song.
Ta med kle til maleaktivitetar og innesko til ballspel.

Laurdag 18. februar held me på frå kl 11.00–15.00. Du får god mat midt på dagen, og drikke og frukt i andre pausar.
Sundag møtest me kl 10.00 for å gjera siste førebuing til gudstenesta.
jenta.jpg
Etter gudstenesta vert det samling på Hardangertun med sal av middag,      
kr 100 for vaksne, kr 50 for born. Born under 3 år betaler ikkje for middagen,
det gjer heller ikkje borna som tek del på kulturhelg
a.


Påmelding innan onsdag 15. februar  
til kyrkjekontoret   tlf. 53 67 15 40, eller e-post til

Les meir...
JULEKONSERT I UTNE KYRKJE
Forfatta av Administrator   
torsdag 15. desember 2011
Utne barnekor leia av Åslaug Eikrem Utne og Rannveig Kråkevik Reinsnos arrangerte julekonsert  i Utne kyrkje.  img_2028_1.jpgBarnekoret var som alltid med å laga god stemning i kyrkja.
Kor i vest , Nå musikklag, Frank Rolland på hardingfele og Gro B. Eide
på piano var òg med på konserten og skapte god julestemning for alle frammøtte.


img_2047_1.jpg

FOR FLEIRE BILETE SJÅ UNDER "BILETE ".

KULTURHELG I UTNE SOKN
Forfatta av Administrator   
tysdag 13. desember 2011
2 .- 4.klasse i Utne sokn har vore med på kulturhelg.

Det vart ein svært aktiv helg med ute- og inneaktivitetar og alle var med på hausttakkefest i Utne kyrkje påimg_1999_1.jpg sundagen.

Tema for helga var ”Guds nærhet til oss. Guds nærhet til alle menneske, spesielt borna. Guds omsorg for kvar enkelt”.

Mange born møtte på Hauso skule på laurdagen og alle fekk vera med  på aktivitetar  - ballaktivitetar, kunstmaling, ansiktsmaling og bibelorientering.

For fleire bilete sjå under "bilete".




Les meir...
Kulturhelg i Ullensvang
Forfatta av Administrator   
tysdag 25. oktober 2011

22. og 23.oktober var born i  2 .- 4.klasse i Ullensvang og Kinsarvik sokn invitert til kulturhelg._mg_8482-1.jpg

Det vart ein svært aktiv laurdag med ute- og inneaktivitetar og fin hausttakkefest i Ullensvang kyrkje på sundagen.

Tema for helga var ”Guds nærhet til oss. Guds nærhet til alle menneske, spesielt borna. Guds omsorg for kvar enkelt”.

Det møtte 22 born på Opedal skule på laurdagen og alle fekk ta del i ulike aktivitetar.  Borna vart delt opp i fleire grupper som fekk vere med på ballaktivitetar, kunstmaling, ansiktsmaling og bibelorientering.

_mg_8486-1.jpg


















 For fleire bilete, sjå under "bilete".
Les meir...
NY TILSETT I KYRKJA
Forfatta av Administrator   
tysdag 20. september 2011

Jannike  Stave er tilsett som barne- og ungdomsarbeidar i kyrkja i Ullensvang. Ho er tilsett i 80 % stilling og skal arbeide for alle 3 sokna i heradet.

Jannike er busett i Odda og har kontorplass på kyrkjekontoret i Kinsarvik.  Ho er allereie godt i gang med å planleggje to aktivitetshelger som vert halde i haust, ei på kvar side av fjorden, og  4-åringar i Kinsarvik sokn er invitert til kyrkja for å bil kjent med kvarandre og kyrkja før bokutdelinga.

Elise Sæle og Jannike Stave samarbeider om leiarkurs for dei som vart konfirmert i vår.  Desse kursa vart sett i gang av Elise i fjor, og mange meldte seg på nytt kurs i år. Kurset inneheld både teori og praksis, ungdomane vil vere med som medleiarar på ulike aktivitetar med born.

Fyrste samling har vore og 8 ungdomar frå Ullensvang og Kinsarvik sokn er med på kurset.


DSC_0013_2011.jpg


 

FOLKEMUSIKKMESSE FRÃ… HARDANGER
Forfatta av Administrator   
tysdag 20. september 2011

Folkemusikkmessa har no vore arrangert i alle kyrkjene i Ullensvang og på Djønno skule. Den er ikkje tenkt som fast musikk til høgmesse, men som variasjon.                    web_mg_0364.jpg

Mange lokale musikarar både profesjonelle og amatørar -  barn, ungdom og vaksne tok del med musikk i messene.

Det er vorte ei flott messe med folkemusikk med rot i Hardanger komponert av Rannveig Djønne.

   web_mg_0413.jpg

 For fleire bilete, sjå under "bilete".

 

NYE SOKNERÃ…D I ULLENSVANG
Forfatta av Administrator   
måndag 19. september 2011

12.september vart det halde soknerådsval i Ullensvang.                                 kyrkjevalet2011_logo_farger1_1.jpg
Soknerådsvalet vart halde på same dag som kommune- og fylkestingsvalet,
med vallokale i same bygning. Det var god oppslutnad om valet med valdeltaking på om lag 20-30%.
Samstundes med soknerådsvalet vart det halde val av  tre leke medlemer til bispedømerådet.


Her er dei nye medlemene i sokneråda:

UTNE SOKNERÅD

Bjarne Olav Instanes
Astrid Hesthamar
Randi Reisæter
Anni Holst Alvsåker
Silje Selvær
Bjørg Kristin Krohg Hauso
Jorunn Rogde
Gunn Marit Mårstig

Varamedlem:
Brita Bjørg Olsen
Berit Marie Haustveit


KINSARVIK SOKNERÅD

Magne Hus
Alis Soldal Bjotveit
Marit Bu Oppedal
Rita Vigdis Ringøy
Jorunn Hus
Nina Leikvoll

Varamedlem:
Marita Instanes
Marianne Hus
Åse Brita Handal
Astrid Eide


ULLENSVANG SOKNERÅD
Brita Helena Gjerde
Trond Steine
Per Nornes
Berit Kvåle
Jørgen J. Meland
Ingebjørg Opedal Hove
Wenche Krogh Helleland
Reidun Norunn Sylta

Varamedlem:
Torill Johanna Sandstå
Helge E. Opedal
Arne Gunnar Sandstå
Knut Arne Espe
Olav H. Opedal


Me ynskjer dei nye soknerådsmedlemene lukke til med arbeidet!





BISPEVISITAS I HARDANGER
Forfatta av Administrator   
måndag 30. mai 2011

Biskop Halvor Nordhaug har vore på bispevisitas i Hardanger. Det er 13 år sidan sist bispevisitas, då var det biskop Ole D. Hagesæter som vitja Hardanger.

Det har vore ei travel og innhaldsrik veke med besøk i Eidfjord, Jondal og Ullensvang.biskop preikestol web.jpg

Biskopen har hatt møte med tilsette, sokneråd, fellesråd og kommuneleiinga i dei tre kommunane.

Han har også  hatt spørjetime på Kinsarvik skule og møte med lærarane i Ullensvang.

Det har vore invitert til aftansong i Utne og Kinsarvik kyrkje. Her var det ulike musikkinnslag med kora og lokale musikarar.  Fredag fekk biskopen vere med på konsert med Benedickte Maruseth i Eidfjord.

 



Sundag var det visitasgudsteneste og Folkemusikkmesse i Ullensvang kyrkje.  Folkemusikkmessa er sett saman  av Inger Elisabeth Aarvik og Rannveig Djønne. Og det var urframføring av musikken til messa.

musikarar kyrkja web.jpgDet vart ei flott avslutning  på bispevisitasen og Rannveig Djønne sin nykomponerte musikk gav ramme om gudstenesta.  

Mange møtte opp og tok del i gudstenesta og fekk med seg visitasforedraget av Biskop Halvor Nordhaug

I visitasforedraget ynskte biskopen at Folkemusikkmessa vart ein tradisjon i Hardanger. Biskopen la spesielt vekt på arbeidet med barn og unge, og korarbeidet for borna.

Han utfordra sokna til å  prioritere ungdom, ta vare på dei frivillige medarbeidarane og å lage ei god ordning for gjevartenesta.

 


Mange musikarar tok del i Folkemusikkmessa:

Hardingfele: Knut Hamre, Trond Steine, Aurora Aarhus Opheim, Eirin Tjoflot. Fløyte: Silje Hveem. Flygelhorn: Torbjørn Dagestad Orgel og piano: Inger Elisabeth Aarvik. Orgel: Anne Karin Stormyr.

Kor: Chorus 80, Ullensvang jentekor, guttekor og ungdomskor.

 

Etter gudstenesta var alle invitert til Hardanger Folkehøgskule til kyrkjemiddag. Det var ordføraren i Ullensvang som leia samlinga på vegne av dei tre kommunane.

FOR FLEIERE BILETE, SJÅ UNDER "BILETE".



TÃ…RNAGENTAR I ULLENSVANG OG UTNE KYRKJE
Forfatta av Administrator   
onsdag 09. februar 2011

To helger har sokneråda arrangert  Tårnagenthelg med 8-åringar i Ullensvang og Utne kyrkjer. 008_1.jpg

Det var til saman 24 born som var med på samlingane.

Inngangspassordet var ”Leit og finn”. Alle fekk kvart sitt agentnummer og agentkort. Me hadde inngangslabyrint med ulike postar og besøk av politiet (Njål Hope og Harald Storli) som fortalde oss om fingeravtrykk og detektivarbeid.

Ungane vart delt inn i grupper, og leita rundt i kyrkja etter symbol som kan fortelle oss noko det om å tru på Gud. Til å hjelpe seg hadde dei luper, lommelykt, pennar, notisblokker og fotoapparat.

Me var òg oppe i kyrkjetårnet og såg på kyrkjeklokkene.

Me fekk prøve å ringe i dei og – litt forsiktig.

Fleire bilete finn du her.

img_0277_1.jpg


TEATER FOR BARNEHAGEBORN
Forfatta av Administrator   
torsdag 06. januar 2011

Onsdag 14. desember var barnehagane i Ullensvang invitert til å koma på teater på Hardangertun. bilde 058_2.jpg

Det var kyrkja som inviterte og Trude Brekke (lærar i Eidfjord) og Bjørn Tore Sæle var skodespelarar, der kvar av dei hadde fleire rollar.  Elise Sæle var husmusa i teaterstykket og har laga alle dei flotte rekvisittane.

Kva handlar jola om?  Bjørn Tore fortale joleevangeliet og Elise tende adventsljos og  ”Tenn ljos” vart songen av alle,  før borna drog til Betlehem og vertshuset. 

Keisar Augustus skulle skriva manntal og Maria og Josef måtte reisa til Betlehem.

Det var ikkje mykje plass i herberget hjå Marta og Jakob, for der var det fullt av gjester frå barnehagane i Ullensvang.   



FOR FLEIRE BILETE, SJÅ UNDER "BILETE".
Les meir...
JULEKONSERT I UTNE KYRKJE
Forfatta av Administrator   
måndag 20. desember 2010

Utne barnekor dirigert av Inger Elisabeth Aarvik arrangerte flott julekonsert  i Utne kyrkje.

Kor i vest , Nå musikklag og Gro B. Eide på piano var òg med på konserten og skapte god julestemning for alle frammøtte.

Nytt i år var eit julespel i samband med songen "Det visste ikke keiseren om" som barnekoret song. Mellom versa kom aktørane inn.

 img_6792_1.jpg

FLEIRE BILETE SJÅ UNDER "BILETE"

Les meir...
STA. SUNNIVA
Forfatta av Administrator   
torsdag 27. mai 2010
Det var fulle hus i Ullensvang og Utne kyrkje ved framføring av Sta. Sunniva i pinsehelga.

Hardanger Folkeblad skriv frå konserten:  img_2550.framside.jpg

Stig og Anders Nilsson var tydelig imponert da de overrakte blomster til alle de flinke utøverne,
barne og ungdomskor i Ullensvang ledet av Inger Elisabeth Aarvik, som også hadde regien sammen med
Arild Helleland. Det var virkelig bra. Et utmerket eksempel på samspill mellom amatører og profesjonelle
som gir Hardanger Muisikkfest en enda sterkere lokal tilknytning.

 FOR FLEIRE BILETE, SJÅ UNDER "BILETE".









Foto: Gro Tjalvin.
img_2514.jpg







KORTREFF I KINSARVIK
Forfatta av Administrator   
onsdag 14. april 2010
No i helga skal barne- og ungdomskora i Ullensvang  vera vertskap for eit årleg kortreff som finn stad i Bjørgvin bispedøme kvar vår. Korsongarar frå Sogn og Fjordane og Hordaland møtest for å læra nye songar og for å møta andre korsongarar.
I alt er over tjue kor representert frå Sveio i sør til Flekke i nord. Me har merka stor pågang til desse kursa dei siste åra, og i år er det rekord, 190 korsongarar har meldt seg på vårtreffet.
I tillegg kjem mange dirigentar og leiarar, til saman  femti vaksne. Alle skal bu på Hardangertun, og både skulen og kyrkja vert tatt i bruk til øvingslokale. Ingrid Furdal, kantor i Sveio, skal instruera jentekoret med ca 90 jenter. Jan Røshol frå Åsane korskule skal ha gutekoret, og Ragnhild Akselen, songpedagog frå Ålesund, skal instruera dei eldste jentene.  Det er ikkje så mange gutekor i fylket her, og det er heller ikkje så mange i kvart kor, så det er ekstra kjekt for gutane å møtast og verta eit større kor.

Fredag og laurdag vert det øving og leik, og alle er velkomne til å høyra  vakker korsong på konsert i Kinsarvik kyrkje laurdag ettermiddag. Sundag vert alle med i musikkgudsteneste i Ullensvang kyrkje. Ung Kyrkjesong Bjørgvin er arrangør.

2009 06 utne barnekor 196 redigert.jpg

 

 

 

 

<< Start < Førre 1 2 Neste > Slutt >>

Resultat 1 - 17 av 29
Hendingar
Februar 2012 Mars 2012
Onsdag , 08. Februar, 2012
Standard Bilete
Su Ty On To Fr La
veke 5 1 2 3 4
veke 6 5 6 7 8 9 10 11
veke 7 12 13 14 15 16 17 18
veke 8 19 20 21 22 23 24 25
veke 9 26 27 28 29
Siste Nytt
Arkiv
Kven er online
Me har 28 gjest(er) her no
RSS kjelde

Mambo is Free Software released under the GNU/GPL License.