No kan du lasta ned kommuneguiden vår som PDF. Link finn du her: Kommuneguiden
Ã…rsmelding og rekneskap 2008
Bidrag frå Rådmannen
tysdag 14. april 2009
Me gjekk inn i 2008 med stor optimisme for heradet si økonomiske utvikling og for næringslivet generelt i heradet. Fyrste halvår viste stor aktivitet og entreprenørar og andre bedrifter gjekk godt. Det var liten arbeidsløyse, heller problem med å skaffa arbeidsfolk i det offentlege og det private næringslivet. Dette endra seg utover hausten. Den globale finanskrisa vart også tema i Ullensvang herad, sjølv om verknadene i 2008 ikkje var store.
Den nye sorteringsguiden for hushald er full av tips om kjeldesortering og gode miljøråd. Sorteringsguiden kan du skrive ut her, eller du kan bestille den på
og få den tilsendt i posten.
Du kan og ringe IHM på tlf. 56 52 99
00, gå innom på kundetorget i kommunen eller på miljøstasjonen. Ditt
bidrag er viktig for miljøet.
Vinn ein iPod Touch
Bidrag frå Husbanken Region vest
onsdag 01. april 2009
Den forbaska trappa! Pensjonist Ole og småbarnsmor Anne bur i same hus. Ole er skral til beins og har problem med bratte trapper, smale dører, små bad og høge tersklar. Dessutan ser og høyrer han dårleg. Anne slit med dei same fysiske hindringar som Ole på grunn av små barn/barnevogn. Ho er i tillegg allergikar og reagerer på fukt og mugg.
Det er mangel på fosterforeldre i Noreg, og nokre barn må vente for lenge på ein ny heim. No søkjer vi menneske som kunne tenkje seg å bli fosterforeldre. Vi har ansvar for å rekruttera og formidla fosterheimar i Fonna området. I tillegg har vi ei avdeling for Barne- og Ungdomsfamiliar, og vår avdeling Knutsatunet på Stord. Klikk inn på sida vår her om de er interesserte i fosterheimsarbeid eller allereie er fosterforeldre.
Stort engasjement på grendamøtene !
Bidrag frå Sveinung Dukstad
fredag 13. mars 2009
No har me gjennomført alle grendamøtene, med nesten 300 deltakarar frå dei ulike grendene. Det er stort engasjement på møtene, og det kjem mange gode og kreative innspel. På heradet si heimeside har kommuneplanen fått si eiga side, her finn du referat og oversikt over alle innspel som har kome på grendamøtene.
Registrering av ledige stillingar.
Bidrag frå Flytt til Hardanger
tysdag 10. mars 2009
Flytt til Hardanger skal i april starta opp ei nasjonal kampanje som rettar seg mot aldersgruppa 30 – 35 år, samt utflytta hardingar. Det vil verta ein brei kampanje i fleire kanalar. I samband med dette er det viktig at vi også klarar å synleggjera alle ledige stillingar i Hardanger. LES MEIR HER.
Stenging av grovavfallsplass i Bråvollslia, Kinsarvik
Bidrag frå NU
onsdag 04. mars 2009
Ullensvang herad har fått melding om at avtalen med Statskog om tømeplass i Bråvollslia er oppsagt. Grovavfallsplassen i Bråvollslia er no stengt. Det er forbode med ytterlegare dumping av avfall her. Det vert elles vist til skilting. Frå og med neste år vil IHM arrangera vårryddeaksjonar (i april/mai) v/miljøstasjonen i Kinsarvik. Det vil koma eiga lysing om dette. No i 2009 vert det diverre ikkje slikt tilbod.
Ullensvang herad som ein Fairtrade kommune - i full gang!
Bidrag frå Styringsgruppa
tysdag 24. februar 2009
Som fleire kanskje veit, har heradstyret vedtatt at Ullensvang skal verta ein Fairtrade kommune. "Fairtrade er ei internasjonal merkeordning som arbeider for å betre forholda til bønder og arbeidarar i fattige land. Eit produkt som då har Fairtrade merke, viser at det er blitt produsert under rettferdige forhold. Slik er heradet no med på arbeidet for å få til ein rettferdig handel mellom nord og sør"
I tida framover vil du finna kommuneplanen i menyen til venstre. Denne sida vil verta oppdatert med dokument, møteplanar og innspel. Dette gjer me for å samla stoffet om planen på ein stad, framfor å ha det spreidd utover i nyhende-lista. Legg merke til lenkja til forumet, der du kan koma med raske innspel og kommentarar.
Har du ein forretningside du ønskjer å få hjelp til utvikla?
Bidrag frå Hardangerrådet
måndag 23. februar 2009
Hardangerrådet inviterer alle gründerar, etablerarar og næringsaktør som har ein god ide, eller som ønskjer å vidareutvikle verksemda si – til å ta kontakt med og få hjelp frå ein rettleiarar.
Hordaland Fylkeskommune løyver midlar slik at dette kan realiserast. Velkommen med dei mange spørsmål du måtte ha.
Her kan du få hjelp til sjølvhjelp. Etablerar-rettleiarane er: Gunvor Riim Opedal, Næringshagen i Odda tlf. 53 65 07 00 Tone Søgaard, Ytre Hardanger Opplæring, Norheimsund tlf. 56 55 38 80 Svein-Helge Pedersen, Granvin tlf. 951 75 308