Distriktstorget er ei nettside med presentasjonar av nisjeforetak frå hele landet. Til no er det 70 medlemsbedrifter. Sjå på www.distriktstorget.no
Bassengtreninga startar opp att!
Bidrag frå Fysioterapitenesta
måndag 28. september 2009
Fyrste trening vert onsdag 7. oktober. Vel møtt på Kinsarvik skule, onsdagar, 15.30 til 17.30. Sjølve treninga startar 16.00 og varer om lag 50 minutt. Pris: kr 45 pr. gong. Det er ingen påmelding, møt opp når det høver! Fysioterapitenesta.
Kulturkort for ungdom
Bidrag frå Geir Larsen
onsdag 09. september 2009
Kulturkortet er eit rabattsystem for ungdom mellom 16 og 20, og gjev brukaren avslag på billettkostnaden ved kulturarrangement i Hordaland som: Kino, konsertar, drama, kunst, museum og mykje meir. Les meir om tilbodet og korleis du skaffar deg kortet her.
Ullensvang Paintballklubb
Bidrag frå Geir Larsen
onsdag 09. september 2009
har laga seg heimeside med informasjon om klubben. Du finn sida her.
Me gjer framleis merksam på at det er ordinære bussruter som ikkje er kome med i denne oversikten. Lenke til ordinære bussruter: klikk her!
Parkering: Ringøy: Det vert laga til plass til parkering nede ved kaien. Dersom det vert fullt der, må det parkerast opp ved riksvegen, men ikkje slik at tilkomsten til post eller andre vert sperra.
Brimnes: Det vert ordna med parkering ved venterom og i tillegg i oppstillingsfil nr 4.
Folketalsvekst i Hardanger, fleire innbyggjarar i Ullensvang
Bidrag frå Flytt til Hardanger
onsdag 26. august 2009
Tala frå Statistisk Sentralbyrå viser at folketalet i Hardanger har auka med 55 personar 1. halvår 2009, og regionen har hatt ein positiv tilflyttingsstraum på 90 personar hittil i år. I 2. kvartal hadde 6 av 7 kommunar i Hardanger ein reell folketalsvekst, totalt i 2009 har 5 av 7 kommunar folketalsvekst. For Ullensvang er folketalsveksten hittil i 2009 på 11 personar.
Dette er ein svært positiv utvikling for Hardanger !
Statistisk sentralbyrå har utarbeidd levekårsindeks for 2008, og rangert dei 430 kommunane i Noreg ut frå nøkkeltal om sosiale tilhøve i kommunane. Ullensvang kjem på 12. plass i statistikken, og toppar Hordaland med ein indeks på 2,2 på ein skala frå 1 til 10. Her finn du lista over alle kommunane.
Har du ledig husvære ?
Bidrag frå Fellestenestene
onsdag 19. august 2009
Ullensvang herad opplever auka pågang av familiar og enkeltpersonar som ynskjer å busetja seg her. Dette er svært positivt, men det er ikkje lett å finna bustad til alle som vil flytta hit. Ullensvang herad vil difor oppmoda alle som har ledige bustader om å kontakta heradet. Me vil også oppmoda alle som har eit tomt hus, om å vurdera utleige. Dersom me skal auka folketalet i Ullensvang, må me ha bustad til dei som ynskjer å flytta hit.
Ta kontakt på
eller tlf. 53 67 15 00
Besøksheim og fritidskontakt
Forfatta av Ingvild Sperrevik
tysdag 14. juli 2009
Nav Ullensvang søkjer besøksheim og fritidskontakt for gut i ungdomsskulealder. Han er kreativ og glad i å byggja og skapa ting. Han trivest godt både utandørs og innandørs og er glad i dyr.
Me søkjer etter personar som kan vera saman med han på aktivitetar og leggje til rette for positive opplevingar.
For fleire opplysingar, ta kontakt med Nav Ullensvang Ingvild Sperrevik tlf. 815 81 000 eller mobil 97 09 87 64.
Bustønad
Forfatta av Kjellrun Tveisme
tysdag 14. juli 2009
Fleire kan få bustønad frå 1. juli
Bustønad er ei statleg økonomisk stønadsordning for dei som har høge buutgifter og låg inntekt. Nye reglar gjer at mange fleire vil ha rett til bustønad frå 1. juli i år. Bustønad er ein rett ein har, på linje med trygd, og det er enkelt og ubyråkratisk å søkje. Husbanken forvaltar ordninga, men det er kommunen som tek imot og handsamar søknadene.