Ullensvang herad
Advertisement
Hovudmeny
Nytt
Tenester
Innsyn
Møtedokument
NAV Ullensvang
Kyrkja
Fjellstyret
Kultur
Organisasjonar
Budsjett og planar
Kommuneplanen
Rekneskap/Ã¥rsm.
Søknadskjema
Flytt til Hardanger
Ledige stillingar
Lenker
Turistsider
Forumet
Gjestebok
Nettstadkart
- - - - - - -
Administrator
Brukarnamn

Passord

Hugs meg
Gløymd passordet?
Nytt
Abonner på Regionalnytt!
Bidrag frÃ¥ Kommunaldepartementet   
fredag 04. desember 2009
stat.pngSpør du deg sjølv en om korleis du kan få
· Informasjon om kva som rører seg innanfor arbeid for å utvikle attraktive arbeidsplassar og lokalsamfunn utanfor dei største byane i Noreg?
· Eksempel på lokalt og regionalt utviklingsarbeid i norske kommunar, fylkeskommunar, Innovasjon Norge,  SIVA,  Forskningsrådet og Distriktssenteret?
· Oppdateringar på faglege rapportar og evalueringar som handlar om distrikts- og regionalpolitiske tiltak?
· Oppdatert informasjon og bakgrunnsstoff om bedrift, innovasjon, nyskaping og entreprenørskap?
· Informasjon om Interreg og internasjonalt utviklingsarbeid?
· Lett tilgjengeleg oversikt over budsjettmidlar og søkbare midlar innanfor distrikts- og regionalpolitikk?

Svaret er enkelt:  I Regionalnytt, Regionalpolitisk avdeling i Kommunal- og regionaldepartementet sitt nyhendebrev,  som kjem ut 10-  12 gonger i året, får du alt dette og endå meir. Det er enkelt å registrere seg som abonnent på www.regionalnytt.no.
Kulturminneprosjekt ved Sekse skule
Bidrag frÃ¥ Sekse skule   
fredag 27. november 2009
skule__229_ret_2008_09_026.pngI samband med Kulturminneåret 2009, vart det gjennomført eit kulturminneprosjekt ved Sekse skule i veke 46. Føremålet med prosjektet var å læra om ulike kulturminne i nærområdet til skulen. Temaet for prosjektet var ”Livet på garden”.




Les meir...
Badeliv på NRK
Bidrag frÃ¥ Vines skule   
torsdag 26. november 2009
bading_vines.jpgOnsdag var NRK fjernsynet på Vines skule og filma elevane som framleis badar i sjøen ein gong pr. veke. Heile 17 av dei 23 elevane var med!. Reportasjen vert truleg sendt i Vestlandsrevyen fredag 27.11.
SLÅ PÅ!
Cross og trial på Svartveit.
Forfatta av Stig Hope   
måndag 23. november 2009
Svartveit_framside.jpgLes meir i HF, klikk her

Bilete finn du på "Les meir..." under.



Les meir...
Behov for besøksheim i Ullensvang.
Bidrag frÃ¥ Karin Romstad   
måndag 23. november 2009
barnevern.pngHardanger barnevern treng besøksheim i Ullensvang.  Vennligst ta kontakt med Elin Rullestad på tlf. 53654572 (mobiltlf. 97558510) eller Karin Romstad på tlf. 53654579 (mobiltlf. 97558660) for nærare opplysningar.
Mvh Karin Romstad
Hardanger barnevern
Budsjett 2010 og økonomiplan 2011- 2013 for Ullensvang herad.
Bidrag frÃ¥ Ullensvang herad   
fredag 20. november 2009
ullensvang_framside.pngFormannskapet har handsama budsjettet for 2010 og økonomiplan for 2011-2013 i møtet den 16. og 17. november 2009.
Rådmannen har lagt fram eit saldert budsjett for 2010 og ein økonomiplan for perioden 2011-2013 i balanse. Med bakgrunn i minka overføringar frå Staten, nedgang i folketalet og reduksjon i kraftinntektene, har rådmannen nytta reservefond, innsparing innanfor skule frå 2011, og innføring av eigedomsskatt frå 2011 for å få økonomiplanen i balanse. Rådmannen set som vilkår at inntektene vert auka monaleg eller utgiftene reduserte. Det einaste området ein kan få til innsparingar som monnar er å gjera noko med skulestrukturen der heradet sine ugifter er mykje større enn kommunar det er naturleg å samanlikna seg med. Rådmannen har også eit potensiale for auka inntekter ved å innføra eigedomsskatt i heile heradet slik ei lovendring har opna for frå 2007.
Les meir...
Rv. 13 Vallaviktunnelen vert gjenopna som planlagd
Bidrag frÃ¥ Statens Vegvesen   
torsdag 19. november 2009
vegvesen.pngVallaviktunnelen opnar måndag 23. november 2009 kl 06:00 etter åtte veker stenging.
Denne måndagen vil det verte kolonnekøyring inntil alle formalitetar knytt til tryggingsgodkjenning er på plass. Pårekna ventetid kan verte mellom 15 og 30 minutt.

Les meir...
Program for vidare vaksinering i Ullensvang herad
Bidrag frÃ¥ Uwe Lubbig   
onsdag 18. november 2009
helse-01.pngHeradet har no fått nye vaksinar (Pandemrix) . Risikogruppene vert fortsatt prioritert.

Det vert vaksinering:
Tirsdag 24.11.2009 kl.9-12 og 13-15 Utne Legekontor
Onsdag 25.11.2009 kl 9-12 og 13-15 Helsestasjonen i Kinsarvik  

Les meir...
Treff i Bergen, Tysdag 10. november 2009
Bidrag frÃ¥ Flytt til Hardanger   
måndag 16. november 2009
flytttilhardanger.jpg”Flytt til Hardanger” Inviterte utflytta hardingar med adresse i Bergen og omegn til ein Hardangerkveld på Hotel Norge, tysdag 10. november 2009. Føremålet med kvelden var å visa fram Hardanger som ein attraktiv buregion.
Prosjektet hadde som målsetting å få 70 – 80 deltakarar, men opplevde at det meldte seg på dobbelt så mange, og det møtte opp 120 personar.
Alle 7 Hardangerkommunane og 15 verksemder frå regionen deltok på treffet. Totalt var det 50 representantar frå Hardangerregionen i Bergen denne kvelden. Kommunane og verksemdene representerte seg som potensielle arbeidsgjevarar for dei utflytta hardingane og synte fram kva kompetanse dei har trong for no og 3 til 5 år fram i tid.
Les meir...
Nytt frå NAV Ullensvang
Bidrag frÃ¥ NAV Ullensvang   
måndag 16. november 2009
NAVlogo.JPGPasientreiser
Nytt vedk. innsending av krav om dekning av reiseutgifter for pasientreiser
Frå 19. november 2009 har Helseføretaka i Helse Vest overteke ansvaret for pasientreiser til og frå offentleg godkjend behandling. Du skal ikkje lenger oppsøkja ditt lokale Nav kontor for å få refundert slike reiseutgifter eller for å få reisekostnaden innført i eigendelskortet ditt. Alle krav om dekning av reiseutgifter skal sendast inn på eige skjema til Helseføretakssenteret for pasientreiser. Etter handsaming vil du få tilsendt kvittering for eigendelen knytt til reisa di. Denne tek du tek vare på og legg fram ved evt søknad om frikort. Sjå eige punkt under her. Dersom du har reisekostnader ut over eigendelen vil sum refusjon for reisa verta overført til din bankkonto. Sjå utfyllande informasjon www.pasientreiser.no
Søknadsskjema for reiserekning finn du her: Reiserekningskjema

Frikort:
Når din samla sum eigendelar for reiser/lege/medisin er over fribeløpet, søkjer du om frikort via Nav Ullensvang. Søknaden saman med dokumentasjon for eigendelar skal sendast inn på eige skjema som du finn på nav.no. Søknaden din vert registrert hjå oss, og frikortet vert tilsendt deg i posten. Evt. sum til gode vert overført til din bankkonto.  Søknadsskjema for frikort finn du her: Frikortskjema
Forlenging av hjortejakt 2009.
Bidrag frÃ¥ Rune Østraat   
torsdag 12. november 2009
hjort.pngFylkesmannen i Hordaland har den 12.11.2009, vedteke forskrift om utviding av hjortejakt i Ullensvang herad for jaktsesongane 2009 og 2010, frå og med 16. november til og med 20. desember.

Forskrifta finn du her Forskrifta finn du her
Hjertebarn og edelstener
Bidrag frÃ¥ Ivar Haug, Nettverket SFO   
torsdag 12. november 2009
Hjertebarnh.pngI SFO på Vikebygd skule i Ullensvang får barna sitte etter tur på hjerteteppet og får bære den store diamanten når de har gjort noe positivt for andre.
Jane, Ingebjørg, Liv og Åse Liv loser 25 barn gjennom dagliglivet i SFO og trives godt med det. Ikke minst fordi de bruker mye tid og oppmerksomhet på å samle kunnskap om hva ungene kan og vet og får til.

Les meir...
Krossvoll kino med eiga heimeside
Bidrag frÃ¥ Geir Larsen   
onsdag 11. november 2009
Film.pngKrossvoll kino har opna eigen nettstad, og du finn den på
www.krossvollkino.no og under kultur-kino i vår venstremeny.
Besøk sidene til kinoen og lag bokmerke!
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Slutt >>

Resultat 52 - 68 av 271
Spørjing
I år går ferien...
  
Hendingar
September 2010 Oktober 2010
Tysdag , 07. September, 2010
Standard Bilete
Su Ty On To Fr La
veke 35 1 2 3 4
veke 36 5 6 7 8 9 10 11
veke 37 12 13 14 15 16 17 18
veke 38 19 20 21 22 23 24 25
veke 39 26 27 28 29 30
Siste Nytt
Hardanger Folkeblad
Nytt frå NRK
Kven er online
Me har 70 gjest(er) her no
RSS kjelde

Mambo is Free Software released under the GNU/GPL License.