Ullensvang herad
Advertisement
Hovudmeny
Nytt
Tenester
Innsyn
Møtedokument
NAV Ullensvang
Kyrkja
Fjellstyret
Kultur
Organisasjonar
Budsjett og planar
Kommuneplanen
Rekneskap/årsm.
Søknadskjema
Flytt til Hardanger
Ledige stillingar
Lenker
Turistsider
Forumet
Gjestebok
Nettstadkart
- - - - - - -
Administrator
Brukarnamn

Passord

Hugs meg
Gløymd passordet?
Nytt
Påminning - Landbruksvikartenesta
Bidrag frå Bjørn Lothe   
torsdag 19. juni 2008
Skredlopet8.pngEtter vedtak i den sentrale jordbruksavtala som vart inngått i 2007, vart den kommunale landbruksvikartenesta overførd til avløysarlaga. Landbruksvikarnemnda for Ullensvang, Eidfjord og Odda er dermed historie. Det medfører og at Ullensvang Herad ikkje lengre har driftsansvar for landbruksvikarordninga.

For Ullensvang sin del så er landbruksvikaren overførd til Landbrukstenester, Folgefonna. Dei har telefonnr. 534 82270, og kontorstad i Rosendal. Så dersom du har trong for landbruksvikar, så ta kontakt med dei.
Opning av utstillinga ”Rawhardanger”
Bidrag frå Sveinung Dukstad   
onsdag 18. juni 2008
RAW_ingress_liten.png16. juni vart utstillinga til Ronald Westerhuis offisielt opna i alle Hardangerkommunane. I Ullensvang vart hendinga markert med tale av ordførar Solfrid Borge før elevar frå Kinsarvik skule foretok den formelle snorklippinga.




Les meir...
Oppdatering av Lag, organisasjonar og andre fritidstilbod i Ullensvang herad
Bidrag frå Monica Hagen Hereid   
torsdag 05. juni 2008
flytthard.pngI samband med Flytt til Hardanger prosjektet ynskjer me no å oppdatera vår liste over lag, organisasjonar og andre fritidstilbod i heradet.
Me ber alle om å ta kontakt med Ullensvang herad v/ Monica på tlf. 53 67 15 00 eller e.post:
Hardanger Musikkfest takkar for i år
Bidrag frå Kjellaug Holm   
tysdag 27. mai 2008
nylogo_1.pngHardanger Musikkfest har utvikla seg til eit stort arrangenment som ikkje kunne vore gjennomført dersom me ikkje hadde fått hjelp av eit stort korps av frivillige. Me vil særleg nemna foreldra i Ullensvang skulemusikklag og mannskap frå Indre Hardanger Kraftlag, men og andre frivillige som gjer ein stor innsats. Det kan vera bygging av scener, pynting i konsertlokala, vakter på konsertane, køyring av artistar til/frå Bergen og Voss, opphenging av banner og endå meir.
Me vil og takka alle eigarar av konsertlokale som me får låna. Den store breidda i konsertlokale er med og set sitt særpreg på musikkfesten.
Etter tilbakemeldingane å døma er både publikum og artistar nøgde. Det kan også alle gode hjelparar vera med og ta æra for.

Takk for i år og vel møtt til neste år: 28. mai – 1. juni 2009.

Likningskontoret har skifta namn til Skatt vest avd. Ullensvang
Bidrag frå Geir Larsen   
fredag 23. mai 2008

skatteetaten.jpgSkatt Vest Avd Ullensvang
Besøksadresse:  Kjobergbygget, 5780 Kinsarvik
Postadresse:            Pb. 8130, 4068 Stavanger
Telefon:                800 80 000
 Telefontid: 08:00 -15:30
 E-post
Heimeside: http://www.skatteetaten.no

Tilsynsutvalet i Hordaland
Bidrag frå Anne Gerd Nysveen Djønne   
tysdag 20. mai 2008
Tilsynsutvalet.pngSØKNAD OM MOTORFERDSLE
innan Hardangervidda nasjonalpark for sommarsesongen 2008.

Søknadane gjeld for Odda, Ullensvang, Eidfjord og Ulvik.
Søknadsfrist 31. mai 2008.

Les meir...
NAV-Ullensvang Trygd
Bidrag frå NAV Ullensvang Trygd   
tysdag 20. mai 2008
NAVlogo.JPGNav-Ullensvang Trygd har fått nytt telefonnr: 815 81 000
Nav-Ullensvang Trygd er knytt til Kundesenteret i Hordaland, og dette er ope kl 8 - 15.30 måndag - fredag.
Du kan framleis senda fax til oss på fax nr 53 04 56 41.

Postadresse:
Nav Ullensvang Trygd
Postboks 43, 5782 Kinsarvik

Frå og med 3. september flytter me inn på nytt kontor, NAV Ullensvang, på Heradshuset.
Les meir
Ullensvang herad sin miljø og kulturpris er tildelt Oddmund Hus.
Bidrag frå Geir Larsen   
måndag 19. mai 2008
Oddmund.pngOddmund Hus får prisen for sitt allsidige kulturarbeid innan lokalhistorie, folkeminne, museumsdrift, målarkunst, hardingfelespel, forlagsverksemd og målsak. I ein mannsalder - og vel så det - har han lagt ned eit formidabelt arbeid som få kjenner omfanget av.
Les meir...
Offisiell ballbingeopning!
Forfatta av Torbjørn Dagestad   
sundag 18. mai 2008
Ballbingen_016.pngNo har Opedal skule fått ballbingen sin på plass. Fredag den 16. mai vart den nye ballbingen og den flotte leikehytta på Opedal skule opna.
Les meir...
Me gir menneske moglegheiter
Bidrag frå Torbjørn Reisæter   
fredag 16. mai 2008
NAVlogo.JPGDen nye Arbeids- og velferdsetaten, NAV, vart etablert 1.juli 2006.  Sosialtenesta i kommunane, saman med den tidlegare trygdeetateten og arbeidskontoret, skal utgjera NAV, som skal ivaretaka oppgåvene som desse kontora tidlegare har utført. NAV-reforma er ei av dei størse forvaltingsreformene i nyare tid. Enkelte av dei tenestene det lokale trygdekontoret tidlegare utførde, er no overført til sentrale forvaltningskontor, og fleire endringar kjem. Dette vil publikum og samarbeidspartar få informasjon om.
Les meir...
Flott Geirr Tveitt - konsert
Bidrag frå Ullensvang skulemusikklag   
torsdag 15. mai 2008
Musikkfest_2008_muslag_sml.jpgUllensvang skulemusikklag deltok i år på Hardanger musikkfest med konsert i samspel med gruppa Tverr Geitt, med mellom andre Lars Klevstrand.
Les meir...
Nytilsett pedagogisk konsulent
Bidrag frå Kjartan Hernes   
onsdag 30. april 2008

smiley.pngInger Sekse er tilsett som pedagogisk konsulent i heradet og byrjar i stillinga 01.08.2008. Hovudarbeidsoppgåver i stillinga er knytt til skular, barnehagar og kultur. Ho overtek stillinga etter Kjellaug Holm, som går av med alderspensjon etter mange års teneste i heradet. Me ønskjer henne velkomen og lukke til i stillinga !

Barnehageplassar i Kinsarvik barnehage.
Bidrag frå Tone Tveito Eidnes   
tysdag 29. april 2008

Kinsarvikbhg.pngUllensvang heradsstyre har vedteke å byggja ein brakkerigg i tilknyting til Kinsarvik barnehage. Heradsstyret har godkjent eit kostnadsoverslag på 650 000 der heradet sine netto kostnader er på 490 000. Denne summen vert dekka av reservefondet.
Planlegging av det utvida tilbodet startar opp umiddelbart og ein reknar med at dette skal stå klart til nytt barnehageår i august.
Rådmannen har og fått i oppdrag å utarbeida eit forprosjekt som viser alternativ bygging/ombygging av Kinsarvik barnehage. Forprosjektet skal stå ferdig til handsaming av budsjettet for 2009.
Rådmannen vil setja ned ei gruppe som skal vera med på å utarbeida forprosjektet. Tilsette og foreldre vil bli representert i denne gruppa.

Tone Tveito Eidnes
rådmann

<< Start < Førre 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Slutt >>

Resultat 154 - 170 av 271
Spørjing
I år går ferien...
  
Hendingar
September 2010 Oktober 2010
Tysdag , 07. September, 2010
Standard Bilete
Su M Ty On To Fr La
veke 35 1 2 3 4
veke 36 5 6 7 8 9 10 11
veke 37 12 13 14 15 16 17 18
veke 38 19 20 21 22 23 24 25
veke 39 26 27 28 29 30
Siste Nytt
Hardanger Folkeblad
Nytt frå NRK
Kven er online
Me har 92 gjest(er) her no
RSS kjelde

Mambo is Free Software released under the GNU/GPL License.