|
Bidrag frå Karine Einang
|
|
fredag 03. oktober 2008 |
Laurdag 20 august var det mange små (og store) som fekk være brannmann for ein dag! Heile 311 stader rundt om i landet vart det avholdt "open brannstasjon", ein landsdekkande kampanje for å inspirere born og vaksne til å sjekke branntryggleiken heime. Vi går no inn i den årstida der talet på bustadbrannar vanlegvis aukar kraftig. Folk treng ei påminning om branntryggleik når vi no skrur på varme og lys, tenner levande lys og fyrer i omnen. |
|
Les meir...
|
|
|
Bidrag frå NU
|
|
onsdag 01. oktober 2008 |
Til alle som er tilknytt Syreflot vassverk!
Vassprøvane tekne måndag 29. september viste ingen
bakteriar, og kokevarselet vert med dette oppheva.
|
|
|
Godt å veksa opp i Hardanger! |
|
Bidrag frå Sveinung Dukstad
|
|
torsdag 25. september 2008 |
På oppdrag frå Flytt til Hardanger har Hordaland Fylkeskommune gjennomført ei studie av kva syn 31-åringane som har vakse opp i Hardanger har på buplass, flytting og Hardanger. Vedlagt finn du pressemelding om resultatet av studiet, samt komplett rapport. Klikk på Les meir for å finna lenkjene.
|
|
Les meir...
|
|
|
Forfatta av Stig Hope
|
|
onsdag 17. september 2008 |
Informasjon om lokal Områdetrening i regi av Bergenhus Heimeverndistrikt-09 Bergenhus Heimeverndistrikt-09 (HV-09) skal gjennomføra lokal områdetrening i perioden 17-24 november 2008.
Område HV-09-211 vil gjennomføre sin øvelse i lokalt nærområde i nevnte periode.
Område: Husedalen, Kinsarvik til Bu Det vil verta soldatar og militære kjørety i området i denne perioden. Ein av dei siste dagane vil det verta nattøving.
-Stig Hope, Områdesjef Indre Hardanger |
|
|
Forfatta av Helse & velferd
|
|
onsdag 17. september 2008 |
Velkomne til nytt badeår i renovert basseng!
Folkebadinga startar etter haustferien. Fyrste badedag 7/10.
I haust vert det bading fram til og med 11.desember, me startar opp att tysdag 6.januar. Bassenga er opne til og med torsdag 2.april 2009
|
|
Les meir...
|
|
|
Tilsette på Opedal skule på studietur til Finland. |
|
Bidrag frå Torbjørn Dagestad
|
|
tysdag 16. september 2008 |
|
Onsdag 17. september dreg 12
tilsette på studietur til Åbo i Finland. Hovudføremålet er å
studera innhaldet i finsk skule med vekt på
å undersøka kva som gjer at finske skuleborn scorer så høgt på internasjonale
testar.Det er to barneskular som kvar har
ca 300 elevar som dei skal vitja. Skulen tok sist vinter kontakt,og responsen var med ein gong
positiv.
Elevane på Opedal skule skal i to
dagar ha aktivitetsdagar der foreldra stiller opp som tilsyn. Dette er noko skulen set svært stor pris
på og er umåteleg takksame for. Det syner at også foreldra er interesserte i at utviklingsarbeid er viktig både
for dei tilsette og ikkje minst for elevane. Heradet har også støtta dette
tiltaket på ein framifrå måte, og skulen vil med dette takka for at ein kunnegjennomføra
studieturen. |
|
|
NB! NYTT TELEFONNUMMER TIL SOSIALTENESTA |
|
Bidrag frå Geir Larsen
|
|
tysdag 02. september 2008 |
Frå 3.9.2008 må du ringa 815 81 000 for å snakka med sosialtenesta. I samband med flytting er kontoret stengt 3.9. |
|
|
Helsestasjon og møteplass for ungdom |
|
Bidrag frå Torbjørg Krogh Larsen
|
|
onsdag 27. august 2008 |
Eit tilbod til ungdom i Ullensvang frå 13 til 20 år. Oppstart etter sommarferien er 26/8-08 Kinsarvik helsestasjon som er på Heradshuset er ope kvar onsdag kl 1400-1700 Utne helsestasjon som er på Utne legekontoret er ope kvar tysdag kl 1400-1500 Ingen timebestilling og det er gratis. Helsestasjon for ungdom fylgjer skuleruta.
Helsing alle oss på helsestasjonen, Torbjørg Krogh Larsen, Gunn Marit Lægreid, Helga Midnes og Stig Hope |
|
|
Informasjon frå Statens vegvesen. |
|
Forfatta av John Ove Rørnes
|
|
onsdag 06. august 2008 |
Det vert utført vedlikehald i tunnelane i Hardanger og følgjande vegstrekkjar vert stengt i periode på inntil 1 time.
|
|
Les meir...
|
|
|
Forfatta av Bente Raaen
|
|
fredag 01. august 2008 |
Laurdag 16.august buldrar det atter over skredoverbygga i Velure. Major Parkinson og Blind Torsk smell til med rockekonsert.
|
|
Les meir...
|
|
|
Forfatta av Administrator
|
|
torsdag 31. juli 2008 |
Ein nettbasert informasjonsmodul om det å bu i Noreg - på sju ulike språk.
|
|
Les meir...
|
|
|
Forfatta av Bjørn Lothe
|
|
måndag 28. juli 2008 |
Det har i år vore ein kort morellsesong og når veke 31 går mot slutten er hovudsorten Van mest avhausta. Denne veka er det og tid for hausting av den seine kjøttmorella Lapins, ei stor og smakfull morell.
Det varme veret driv fram haustfrukta, og plommer frå Ullensvang er like om hjørna.
|
|
Les meir...
|
|
|
Sommaropningstid, Ullensvang folkeboksamling |
|
Forfatta av Inger Dyrnesli
|
|
onsdag 23. juli 2008 |
Utne: tysdag og torsdag 12 - 15 Kinsarvik: måndag 12 - 16, onsdag 12 - 17.30 Biblioteka vert stengde frå 28.juli til 11.august
Nå filial er stengd i skuleferien |
|
|
|
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Slutt >>
|
| Resultat 137 - 153 av 271 |