|
Frivillighetsregisteret er åpnet |
|
Bidrag frå Brønnøysundregistrene
|
|
torsdag 12. februar 2009 |
Nylig åpnet Frivillighetsregisteret, men vi har mottatt få innmeldinger fra Ullensvang herad. Vi anbefaler frivillige organisasjoner i kommunen å melde seg inn i Frivillighetsregisteret snarest mulig dersom de ønsker å delta i Grasrotandelen. Dere vil finne nyttig informasjon om innmelding i Frivillighetsregisteret på www.brreg.no/frivillighet.
|
|
Les meir...
|
|
|
Bidrag frå Gunvor Riim Opedal
|
|
onsdag 11. februar 2009 |
Her finn du oversikt over nye fag ved Studiesenteret i Odda.
Studiebrosjyre
|
|
|
PLANLEGGING AV DRIFTSBYGNINGAR. |
|
Bidrag frå Bjørn Lothe
|
|
fredag 06. februar 2009 |
Tidlegare planlagde Fylkesmannen si landbruksavdeling driftsbygningar i landbruket. Ikkje minst galdt dette teikningar og kostnadsoverslag. Dette vart privatisert i 2007 og no er det Forsøksringen i Hordaland som tilbyr desse tenestene både her i distriktet og elles i fylket. Ein vil og nemna at Landbrukets Forsøksringer nyss har gått inn i Norsk Landbrukssamvirke og heretter er det overordna namnet Norsk Landbruksrådgjeving. Frå kommunal side vil ein peika på at dette ser ut til å verta eit greitt tilbod for bøndene. Ein vil ha ei fast adresse og eit etablert system å halda seg til. Me ventar difor eit fagleg høgt nivå på desse tenestene. Timesatsen er kr.450,- pr time for medlemer i Forsøksringen.
Forsøksringen i Hordaland tilbyr også økonomisk rådgjeving- driftsplanlegging. På dette feltet er her og private tilbydarar som gjer ein god jobb.
For meir informasjon, kontakt landbrukskontoret for Ullensvang, Odda og Eidfjord. Bjørn Lothe, Trond Steine eller Siv Eilertsen. |
|
|
Forfatta av Bente Bjotveit
|
|
tysdag 27. januar 2009 |
 Kokevarsel for Flisabakken og
Klokkargarden vassverk er oppheva.
|
|
|
Informasjon frå NAV Ullensvang, Reiseoppgjer og frikort |
|
Bidrag frå NAV Ullensvang
|
|
fredag 23. januar 2009 |
Frå 01.01.2009 skal skjema og bilag knytt til reiseoppgjer og frikort sendast til:
NAV reiseoppgjer og frikort Hordaland Pb. 6543, Bedriftssenter 5893 Bergen
Dette gjeld også for reiser og utlegg i 2008 som enno ikkje er innsendt. Du sender kravet ditt på reiseskjema med vedlegg i posten til overnevnte adresse. Hugs å leggje ved kvitteringar og stadfesting/dokumentasjon på legebesøk, sjukehusopphald o.l. Frikortet vert sendt heim til deg og pengar til gode vert sett inn på kontoen din.
Skjema finn du på www.nav.no/helsetjenester eller på NAV-kontoret
Har du spørsmål eller treng hjelp til utfylling av skjema: Ring tlf. 53 04 63 65 eller ta kontakt med Nav Ullensvang tlf. 815 81 000 |
|
|
Hardanger på messe i Nederland |
|
Bidrag frå Sveinung Dukstad
|
|
fredag 23. januar 2009 |
I samband med Flytt til Hardanger og delprosjektet "Placement" så er det andre året med deltaking på Skandinaviske dagar i Hoevelaken i Nederland. Sjølve messedagen er laurdag 24.januar 09.
Ein delegasjon på 20 personar frå alle Hardangerkommunane skal profilera regionen vår, frå Ullensvang reiser ordførar Solfrid Borge og ass.rådmann Sveinung Dukstad
På messa er det ca 30 andre tilflytingsprosjekt frå Noreg pg Sverige å konkurrera med.
Hardanger satsar på å vera godt synleg og å få informert så mange som mogeleg om dei kvalitetane og realitetane som ein tilflyttar møter i denne fjordregionen. Me vonar på like stor messegjester i år som i fjor, då var det kø på Hardangerstanden heile dagen.
Så er det opp til kommunane og ikkje minst innbyggjarane i Hardanger å ta vel imot både dei som vil vurdera Haradnger og dei som kjem flyttande. |
|
|
Bidrag frå Geir Larsen
|
|
torsdag 22. januar 2009 |
Vines bygdalag har etablert nettside for bygda si. Her finn du informasjon om bygda og hendingar framover, og du kan delta i ei spørjeundersøking om Vines. Link til sida finn du her. |
|
|
BASSENGTRENING FOR KVINNER OG MENN VÃ…REN 2009 |
|
Forfatta av Administrator
|
|
tysdag 20. januar 2009 |
Bassengtreninga startar igjen onsdag 28 januar. Det vert felles bassengtrening for kvinner og menn. Det er ingen påmelding. Dei som ønskjer å delta kan møte fram. Treninga følgjer skuleruta og det vert tilsaman 10 gonger i løpet av våren.
|
|
Les meir...
|
|
|
Bidrag frå Geir Larsen
|
|
tysdag 20. januar 2009 |
har fått ny nettside. Den er verd eit besøk og du finn den på www.vikebygd.no |
|
|
Desentralisert ordning for tilskot til kulturhus |
|
Bidrag frå Torbjørn Reisæter
|
|
fredag 16. januar 2009 |
Desentralisert ordning for tilskot til kulturhus Hordaland fylkeskommune har bede Ullensvang herad lysa ut informasjon om denne ordninga. Dei innkomne søknadene må prioriterast i ein kommunal plan.
|
|
Les meir...
|
|
|
Hjorteviltjakt i Ullensvang herad 2008. |
|
Bidrag frå Rune Østraat
|
|
fredag 16. januar 2009 |
Jakta på hjortedyr i Ullensvang herad er nå avslutta for 2008. Det vart i år rekordavskyting på hjort, med 133 felte dyr. Fylkesmannen i Hordaland valde å forlenga hjortejakta fram til 20. desember. Kor stor del av dyra som vart skotne etter ordinær jakttidsslutt den 15. november, har me enno ikkje tal på. Truleg har ein fått teke ut ein del av dyra som kunne vorte ein plage i frukthagane utover vinteren. Når det gjeld dei andre hjortedyra, har me fått rapport om at det er teke ut 5 stk elg og 3 stk rådyr. Hjortejakt, tabelloversikt
|
|
|
BUDSJETT 2009 / ØKONOMIPLAN 2009-2012 |
|
Bidrag frå Geir Larsen
|
|
onsdag 14. januar 2009 |
Her finn du heradsstyret sitt budsjettvedtak for 2009, og økonomiplan 2009-2012:
Tekstdel budsjett 2009, økonomiplan 2009-2012
Tabelldel til budsjettet
|
|
|
BETALINGSREGULATIV FOR GEBYR ETTER FORUREININGSLOVA § 34 |
|
Bidrag frå Økonomikontoret
|
|
tysdag 13. januar 2009 |
Her finn du kommunal forskrift for Eidfjord kommune, Granvin herad, Jondal kommune, Ullensvang herad, Ulvik herad og Voss kommune. Forskrifta gjeld frå 1.1.2009.
FORSKRIFT FOR BETALINGSGEBYR 09 |
|
|
|
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Slutt >>
|
| Resultat 103 - 119 av 271 |