Post: 5780 KINSARVIK |
Finn det du leitar etter... |
Vallaviktunnelen nattestengd
Tunnelen blir difor stengd mellom kl. 22.00 og 06.00 nettene til 22., 23. og 24. mai. Bussar i rute og utrykkingskøyretøy får passera. Det blir også kvitkalking i rundkøyringa i Butunnelen og i gang- og sykkelvegtunnelane på båe sider av fjorden. Men her er det berre intern anleggstrafikk i dag. Kvitkalkinga blir påført som grunnlag for eit godt lysbilete på dei aktuelle strekningane. Omkøyring blir på fv. 572 via Espelandsdalen. |
Prosjekt ” Stjernedryss ”, ein ubetinga suksess!
Under opningskonserten til den 18. Hardanger Musikkfest i går på Hotel Ullensvang var det duka for urframføring av verket som elevar frå Ullensvang musikkskule har komponert. ” Hardingdryss ” vart framført av profesjonelle musikarar frå festivalen, og fekk da eit ”klassisk preg” preg da besetninga bestod av strykarar, ein klarinettist og flygel. Det var eit flott verk, både vart, spenstig og humoristisk, og med enkelte innslag av folkemusikk. All ære til alle elevane / komponistane og til Therese Ulvo Birkelund og Wolfgang Plagge ! Sist oppdatert (torsdag 16. mai 2013 09:39) Blømingstenesta
Djup tele og sein vår gjev ei vesentleg seinare bløming enn me har opplevd dei siste åra. Framover er det varsla nokon dagar med noko høgare temperaturar, men ikkje meir enn at det i beste fall kan verta noko plommebløming i løpet av neste veke. Pærene og hovudtyngda av morellene kjem truleg ikkje før veke 21, og eplebløming vert det nok ikkje før heilt i slutten av månaden og byrjinga av juni. .Sist oppdatert (tysdag 07. mai 2013 08:37) Hardangerbrua opnar 17. august
- Vi har vald siste laurdagen i skuleferien for at dette skal kunne bli ein stor folkefest for Hardanger, seier prosjektleiar Øivind L. Søvik i Statens vegvesen. Planlegginga av bruopninga har pågått ei tid. Men avtalar om endeleg program har rimeleg nok vore hemma av manglande avklaring på opningsdato. Opningsmarkeringa vil starta i Vallavik, der det blir program for publikum før sjølve opningshandlinga, som vil skje litt seinare på dagen, ute på brua ved tårnet i Vallavik. Mottak av landbruksplast
Tlf: 56 52 99 00 E-post: Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa Hald naturen rein – velkomen til Miljøstasjonen! Sist oppdatert (torsdag 02. mai 2013 11:24) Bål- bråtebrenning
Det er forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog/mark frå 15. april til 15. september, Dersom du vil brenna bål eller bråte, må du hugse på at det er du som har ansvaret. Reglar for bål/bråtebrenning generelt: - Det er berre tillate å brenne reint trevirke og hageavfall, som kvist, lauv, gras, o.l. - Brenning må ikkje skje nærare enn 8 meter frå hus eller 10 meter frå skog og lyngområde. - Det er ikkje tillate å brenne i sterk vind eller i tørkeperiodar. - Det må visast omsyn til naboar. - Det må ikkje brennast etter at det er mørkt. - Hageslange eller andre sløkkjemidlar skal vere klart til bruk ved bålet. - Bålet skal ikkje vere større enn at det lett kan haldast under kontroll. - Bålet skal sløkkjast forsvarlig etter at brenning er avslutta. - All brenning foregår på eiga ansvar. Sist oppdatert (måndag 29. april 2013 13:24) Oppdatering rv. 13 Bu-Brimnes
Avisa "HARDANGER" på Nasjonalbiblioteket
Nasjonalbiblioteket har i si digitale samling gjort avisa Hardanger tilgjengeleg i les- og søkbart format. Den kan lesast på nett frå denne sida: Avisa Hardanger på Nasjonalbiblioteket Søket er generelt på avisa, men kan spissast ned til tidsperiode, dato eller ord/emne . Unngå gjødsling på frosen mark
Det uvanleg langvarige tørre og kalde veret med tele i jorda fører til at møkkaspreiinga må vente. Fulle gjødsellager gir store utfordringar for jordbruket i Hordaland. Om veret gir konsekvensar for overvintring av eng er det likevel for tidleg å konkludera på. Superflinke elevar frå Kinsarvik skuleOrientering om eigedomsskatt.
For å gjennomføra dette er det valt ei sakkunning nemnd på 3 personar med personlege varamenn. I tillegg skal den kommunale klagenemnda handtere eventuelle klagar.
Den praktiske gjennomføringa av takseringa (framskaffing og tilrettelegging av grunnlagsdata, innsamling, kvalitetssikring og arkivering av inngåande data, henta inn godkjenning frå sakkunnig nemnd m.v.) vert gjort av administrasjonen og innleigde takstfolk. |



I samband med kvitkalking i rundkøyringa blir rv. 13 Vallaviktunnelen i Hardanger stengd for trafikk tre netter i veke 21. Både tak, veggar og fjellstabben i sentraløya skal kalkast med kvit farge. Sidan rundkøyringa ligg i den delen av tunnelen som er i bruk, må entreprenøren arbeida utan trafikk om natta.

Statens vegvesen har i samråd med departementet konkludert med at Hardangerbrua blir opna for trafikk laurdag 17. august 2013.


Ullensvang herad har vedteke å gjennomføra allmenn taksering av alle eigedomar utanom bustadeigedomar og kraftverk, som grunnlag for å utvida eigedomsskatten til all fast eigedom frå og med 2014.