Finn det du leitar etter...
Innvandrarsenter
Ullensvang innvandrarsenter og asylmottak
Generelt
Omtale
Ullensvang innvandrarsenter og asylmottak er ei kommunal driftseining, samansett av Ullensvang asylsøkjarmottak, vaksenopplæring for framandspråklege (VO) og flyktningteneste.
Lenkje: kontaktinformasjon
Asylmottaket
Eit asylmottak er eit frivillig butilbod til asylsøkjaren medan han/ho ventar på svar på asylsøknaden sin. Asylmottaket i Kinsarvik er eit mottak med sjølvhushald og har vore i samanhengjande kommunal drift sidan 1989. Mottaket har 80 plassar, 72 lokalisert til tunet på Sandvik og 8 leigde plassar på Kinsarvik Brygge. Plassane er fordelte på seks familiehusvære med plass til fem personar i kvart husvære og femti einskildrom. Familieeiningane har eige kjøken, bad og toalett, medan dei som bur i einskildrom, har dette felles. Sju personar deler bad og kjøken. Bustadbygningane på Sandvik fekk ein innvending oppgradering med nye bad, kjøkken og opphaldsrom vinteren 09/10. For meir informasjon om asylmottak sjå: www.udi.no og www.udiregelverk.no
Heradet er driftsoperatør for mottaket i samsvar med driftsavtale mellom UDI og Ullensvang herad.
Kven som kjem til mottaket
Det er UDI som fordeler og sender ut bebuarar til mottaka. Som oftast kjem dei då frå eit opphald i eit transittmottak på Austlandet, der dei har budd medan søknadane deira har vorte registrerte, og til dei er ferdig intervjua av UDI om bakgrunnen for asylsøknaden, samt at dei har gått gjennom ei helseundersøking. Me har bebuarar frå mange land.
Kva som skjer på mottaket
Bebuarane vert innkvarterte og får i første omgang naudsynt informasjon om mottaket og lokalsamfunnet. Bebuarane må sjølve ta hand om dei daglege gjeremåla i bueiningane og har sjølve ansvar for reinhald, matlaging og klesvask. Det er norskundervisning for alle asylsøkjarar som ikkje har fått avslag på søknaden sin og som har ei såkalla normalsak. Ved vårt mottak får alle med rett til norskopplæring tilbod om slik opplæring vanlegvis med skule to dagar i veka.
Informasjonsprogram
Alle asylsøkjarar pliktar å delta i eit informasjonsprogram med tema som helse, skule og utdanning, arbeidsliv, rettsreglar og annan samfunnsinformasjon. Programmet vert lagt til rette og gjennomført ved mottaket.
Bebuarane vert også kartlagde med omsyn til bakgrunn, utdanning og yrkesrøynsle. Dette er til hjelp i arbeidet med å laga kvalifiseringsplanar for den einskilde og er ein start på å planleggja for eit eventuelt framtidig liv i Noreg.
Barnebase
Mottaket har ein barnebase som har eit pedagogisk tilrettelagt dagleg tilbod til førskuleborn. I tillegg har barnebasen tilbod om leksehjelp og driv også ei ungdomsgruppe.
Kvinnegruppe
Kvinnegruppa skipar til fritidsaktivitetar, kurs, turar, festar m.m.
Aktivitetar
Bebuarane har tilgang til bordtennis, biljard og trimrom. Det er eige datarom med breibandtilkopling. I bueiningane er det også lagt til rette for trådlaus tilkopling til internett. I familiehusværa og i fellesstovene er det kabel-TV. Elles kan bebuarane delta på aktivitetar i lag og organisasjonar i lokalsamfunnet.
Opphaldsløyve / busetjing
Når ein bebuar har fått eit vedtak som inneber busetjing i landet, startar eit samarbeid mellom bebuaren, mottaket og IMDi, Integrerings og mangfaldsdirektoratet, www.imdi.no for å finna ein busetjingskommune til vedkomande.
Retur
Gjennom mottaksopphaldet får bebuarane informasjon om kva høve han eller ho har til å returnera frivillig til heimlandet. Det vert lagt vekt på det frivillige elementet. UDI og politiet har skipa til eit samarbeid med IOM, International Organization for Migration, www.iom.no om eit program for frivillig retur til heimlandet. Aktuelle kandidatar kan, etter først å ha fått godkjenning av politiet, få hjelp av IOM til å returnera til heimlandet sitt. Vedkomande får då hjelp m.a. til å skaffa seg reisedokument. IOM arrangerer heimreisa. Dei kan tinga billettar, yta pengehjelp til mat under heimturen og hjelp på flyplass. Heimreisa vert då betalt av IOM og skjer utan følgje av politiet.
Pengereglement / basis
Asylsøkjarar som bur i asylmottak har vanlegvis rett til såkalla ”basis”, som er ei økonomisk hjelp til bebuarane. Dette vert regulert i Reglementet for økonomisk hjelp til personer i statlig mottak, pengereglementet. Grunnsatsen for ein einskild vaksen person er kr. 3 100,- per månad. Utbetaling skjer den 1. og 16. kvar månad med kr 1 550,-. Dette skal dekkja utgifter bebuaren har til mat, klede, toalettartiklar, samt utgifter til medisin, lege m.m.
Arbeid
Asylsøkjarar får førebels arbeidsløyve frå politiet på grunnlag av lovleg opphald i riket, dvs. så lenge dei ikkje har fått avslag på søknad eller har fått lov til å opphalda seg i riket medan evt. klage blir behandla. Eit anna vilkår er framlagd gyldig pass eller tilsvarande dokumentasjon av identitet. Med grunnlag i førebels arbeidsløyve og eit mellombels personnummer kan dei få skattekort. For mange kan dette vera ein sjanse til å få seg ein jobb.
Trekk i basis / husleige
Asylsøkjarar som er i arbeid og har eiga inntekt, og som bur på mottaket, pliktar å melda frå om arbeidstilhøvet til mottaket. Etter pengereglementet kan eiga inntekt danna grunnlag for reduksjon og eventuelt bortfall av pengestønad frå UDI. Eiga inntekt kan også vera grunnlag for at vedkomande må betala husleige for å bu i mottaket.
Flyktningtenesta
Flyktningtenesta arbeider med å busetja flyktningar etter avtale mellom heradet og IMDi, www.imdi.no . Staten betaler integreringstilskot for flyktningane i ein periode på fem år. Tilskotet skal m.a. dekkja utgifter til etablering, kvalifisering og integrering. Tenesta utfører arbeidet sitt i samsvar med politiske vedtak og retningsliner gjort av heradet, samt etter Lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrere, introduksjonslova sjå: http://www.lovdata.no/all/nl-20030704-080.html
Ullensvang har vedtak om å busetje 45 flyktningar i perioden 2009 – 2011.
Kven som vert busette
Dei som vert busette kan vera overføringsflyktningar (kvoteflyktningar) som er utplukka av FN. Desse kjem som oftast direkte til busetjingskommunen frå den opphaldsstaden i utlandet dei har vore medan FN har handsama saka deira. Desse er såleis ikkje innom noko anna offentleg system i Noreg før dei vert busette, eller det kan også vera personar som har budd i eit asylmottak som har fått opphaldsløyve i riket. Desse kjem då til oss frå vedkomande asylmottak. I tillegg kjem også personar som får opphald på såkalla familiesameining med relaterte personar som allereie bur her, t.d. med ektefelle eller born.
Sakshandsaming
Tenesta har ansvar for sakshandsaminga som m.a. fører til vedtaka som er grunnlag for tildeling av bustad, innbu, utstyr og klede i etableringsfasen, samt for sakshandsaminga etter introduksjonslova.
Introduksjonsprogram
I fylgje introduksjonslova er det obligatorisk for kommunane å leggja til rette for at flyktningane tek del i eit introduksjonsprogram. Tenesta har ansvar for å leggje til rette for introduksjonsprogrammet for nykomne flyktningar og for å gjennomføra programmet. Programmet er eit to-årig heildags og heilårleg program. Den einskilde deltakar skal ha ein individuell plan for framdrifta i programmet. Tenesta gjev råd og rettleiing til flyktningane. Programmet vert gjennomført i tett samarbeid med vaksenopplæringa.
Introduksjonsstønad
Etter lova har deltakarane i programmet rett til introduksjonsstønad. Stønaden er på 2 G (G er grunnbeløpet i folketrygda). Er deltakaren under 25 år, vert stønaden redusert til 2/3. Programmet er tilpassa reglane i arbeidslivet, og stønaden vert redusert ved ugyldig fråvær. Stønaden er skattepliktig, men fører ikkje til trygderettar.
Språkpraksis
Etter ei tid prøver me å få programdeltakarane ut på ein lokal arbeidsplass i ein språkpraksisplass. Dette skjer i samarbeid med vaksenopplæringa . Føremålet med ein slik praksisperiode er at deltakarane skal få kjennskap til ein norsk arbeidsplass og få øving i norsk.
Mål
Målet er at flyktningane skal ha fått grunnleggjande kunnskapar og kvalifikasjonar etter fullført program, slik at dei kan koma ut i eige inntektsgjevande arbeid eller i vidare utdanning.
Vaksenopplæringa
Norsk og samfunnsfag for vaksne innvandrarar
Undervisninga held til i skulebygget ved Ullensvang innvandrarsenter og asylmottak i Kinsarvik. Vaksenopplæringa fylgjer skuleruta for grunnskulen i heradet.
Vaksne innvandrarar med opphaldsløyve som gjev grunnlag for busetjingsløyve, har rett og plikt til 250 timar opplæring i norsk og 50 timar samfunnsfag. Dei som har trong for meir opplæring, kan få opptil 2 700 timar i tillegg. Rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnsfag for innvandrarar er lovfesta frå 1. september 2005.
Les meir: www.imdi.no, www.udi.no, og introduksjonslova http://www.lovdata.no/all/nl-20030704-080.html (kapittel 4).
Asylsøkjarar har tilbod om 250 timar norskopplæring medan dei bur i mottak.
Arbeidsinnvandrarar betalar kr 50,- per time.
Det overordna målet for opplæringa i norsk og samfunnsfag er å styrkja innvandrarane sine føresetnader til å kunna delta aktivt i arbeids- og samfunnslivet.
Alle deltakarar med rett og plikt til undervisning skal ha sin individuelle plan. Planen skal tilpassast den einskilde sine ressursar og kompetanse. Planen skal utarbeidast i samarbeid med deltakaren.
Undervisninga fylgjer «Læreplan i norsk og samfunnsfag». Les meir: www.vox.no
For deltakarane er det viktig å kunna dokumentera norskkunnskapane sine. Det er difor eit mål at flest mogeleg avsluttar opplæringa med Norskprøve 2 eller 3.
Les meir www.norskspraaktest.fu.no
Timetalet for dei ulike gruppene varierer frå 6- 20 timar per veke. Nye grupper vert starta minst fire gonger i året.
Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med oss!
Kontaktinformajon
- Einingsleiar Johannes Laupsa, Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
- Telefon: 48 10 27 46
- Asylsøkjarmottaket, leiar Dagfinn Ådnanes, Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
- Telefon: 53 66 34 66
- Vakttelefon: 91 33 55 89
- Flyktningetenesta: Leiar :: Gunn Berit Beck, Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
- Telefon flyktningtenesta :: 53 66 69 02
- Vaksenopplæringa: Leiar:: Marta Soldal, Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
- Telefon Vaksenopplæringa. :: 53 66 21 90
| < Førre | Neste > |
|---|
Sist oppdatert (onsdag 25. januar 2012 11:57)




