Politikarportal
Translate

Post: 5780 KINSARVIK
Tlf:53 67 15 00
Fax:53 67 15 01
Vakttelefon: 476 22 777
postmottak@ullensvang.herad.no

Heradsinfo:


Finn det du leitar etter...

Avslutning for elevane i Ullensvang musikkskule

ullensvang_musikk_skule_01Torsdag 7. juni hadde Ullensvang musikkskule skipa til avslutningskonsert i Krossvoll på Lofthus.

Til tross for at dette var midt i eksamenstida for nokon, leirskule og fotballkampar for andre, var det likevel mange elevar som kunne vera med. For tilhøyrarane vart det ein triveleg og variert konsert, med utøvarar på mange ulike instrument og nivå. Felles for dei alle var at dei gjorde ein framifrå god jobb på scena, og det er ikkje tvil om at det ligg mange timars øving bak mange av framføringane me fekk. Me fekk òg med oss elevane som går på drama, dei hadde laga til to sketsjar som fekk salen til å humra og le.

God sommar ønskjast til alle saman !

 

 

DSCF4860

DSCF4863

DSCF4864

DSCF4865

DSCF4867