Politikarportal
Translate

Finn det du leitar etter...

Ledige stillingar

Ledige stillingar

Generelt

Omtale

I hjarta av Hardanger ligg Noregs største frukthage med om lag 3.500 stolte innbyggjarar.  Ullensvang er ein region med trivsel og opplevingar, storslått natur, levande kultur, spanande historie og eit variert næringsliv.  Er du aktiv har me mykje å tilby: feriepark, trimstover, go-kart, gardsbutikk, leirskule, museum og eit breitt tilbod av idrett og friluftsliv. Vil du ta deg ein tur åleine eller i selskap med gode vener, har me innfallsporten til fantastiske Hardangervidda Nasjonalpark og Folgefonna. Heradet har spreidd busetnad med gode småskular og barnehagar.  Med dei gode oppvekstvilkåra borna våre får, er Ullensvang ein stad å satsa på.

Generelt om søknad og tilsetjingsvilkår for alle stillingar i heradet


Søknad skal skrivast på eige søknadsskjema for ledige stillingar. Søknadsskjemaet får du ved å ta kontakt med arbeidsplassen eller fellessekretariatet på tlf. 53 67 15 00, eller fylla det ut elektronisk her. Aktuelle søkjarar kan verta innkalla til intervju.

Fullstendig søknad vedlagt rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal sendast Ullensvang herad, 5780 Kinsarvik innan fastsette søknadsfristar.

For stillingane gjeld vanlege tilsetjingsvilkår i samsvar med lov, tariffavtalar og reglement, med ei prøvetid på 6 månader. Alle arbeidstakarar vert tilsette i Ullensvang herad og ikkje på den enkelte etat/arbeidsplass. Heradet dekkjer flytteutgifter etter eige reglement og kan skaffa bustad. Administrasjonsmålet i heradet er nynorsk.

 

Ledige stillingar - NAV

Ledige stillingar - heradet