Translate

Finn det du leitar etter...

Organisasjon

Organisasjon

Generelt

Omtale

Ullensvang herad innførte frå 1.1.2005 resultateiningsmodellen som prinsipp for organisering av heradsadministrasjonen. Tenesteområda er fordelt på 13 resultateiningar, der einingsleiar er tildelt mynde innanfor m.a. personal og økonomi. Den sentrale leiinga består av rådmann og assisterande rådmann, medan løns- og personalkontoret, økonomikontoret og tekniske tenester er organisert i stab.

Heradsadministrasjonen er plassert i Kinsarvik. Tenestetilbodet er desentralisert. Heradet har seks skulekrinsar, med barne- og ungdomssteg på begge sider av Sørfjorden. Det er også sjukeheimar (pleie og omsorg) og eigne legevaktdistrikt på kvar fjordside. Ullensvang omfattar og deler av Oksenhalvøya, der ein i hovudsak kjøper kommunale tenester av granneheradet Granvin.

Organisasjonskart

Organisasjonskart kan du lasta ned som PDF: Organisasjonskart.pdf

Sist oppdatert (måndag 18. juni 2012 14:20)