Translate

Finn det du leitar etter...

Radoninformasjon frå Ullensvang herad

Radoninformasjon frå Ullensvang herad

Generelt

Omtale

Denne sida vil innehalde informasjon omkring radonutfordringane me har i heradet og vert kontinuerlig oppdatert om arbeidet heradet gjer for å møta desse utfordringane.

Oppfylging av informasjonsmøte

Etter informasjonsmøtet i Kinsarvik måndag 7. februar 2011 ynskte Ullensvang herad at eit møte med departementet og leiinga i Statens Strålevern sllik det står i denne pressemeldinga frå 09.02.2011:

Møtet kom istand 24. mars og er referert slik:

Ny kontakt med departementet

17. juni vart det på Ullensvang herad sitt initiativ halde eit nytt møte i Helse- og omsorgsdepartementet med temaet:

Frå dette møtet har me fått utskrift av referatet og lysbileta frå foredraga som vart haldne:

Ny radonmedarbeidar!

John Ove Rørnes er tilsett i ein tre-årig prosjektstilling som radonmedarbeidar. Han har arbeidd med radon sidan dette vart ei aktuell problemstilling for Ullensvang i 1996. Han har opparbeidd seg god kompetanse desse åra og har etter kvart eit godt nettverk av kompetente  fagfolk å støtta seg til. Han vil gå i gang med dette arbeidet for fullt straks me har fått tilsett ein ny medarbeidar i den stillinga han har vore i som heradsplanleggjar.

Av aktuelle arbeidsoppgåver framover kan ein nemna:

  • Utføra målingar og systematisera resultat
  • Vera pådrivar og koordinator for radontiltak i private husvære
  • Fylgja opp skular, barnehagar og andre offentlege bygg
  • Bidra til å auka kompetansen om radon og radontiltak,mellom anna gjennom samarbeid med Sintef.
  • Samarbeida med aktuelle entreprenørfirma i distriktet
  • Samarbeida med Statens strålevern og Fylkeslegen

Generell informasjon for huseigarar

Les meir her.

Annan informasjon

Meir info kan de og finna på Statens strålevern sine heimesider:

Lenke til informasjon om radon: http://www.nrpa.no/radon

Sist oppdatert (tysdag 19. juli 2011 11:10)