Finn det du leitar etter...
Økonomisk rådgiving
Økonomisk rådgiving
Generelt
Omtale
Heradet gir økonomisk rådgiving til dei som har betalingsproblem eller gjeldsproblem. Rådgivinga kan for eksempel vere hjelp til å setje opp eit realistisk budsjett, men kan også vere forhandling med kreditorar og hjelp til å inngå ei betalingsavtale.
Målgruppe
Privatpersonar med økonomiske problem / gjeldsproblem i Ullensvang herad
Kriterium/vilkår
Du skal sjølv etter beste evne prøve å komme fram til ei ordning med fordringshavarane.
Pris for tenesta
Tenesta er gratis.
Lover og retningslinjer
Gjeldande lov - og regelverk
Dette er ei lovpålagd teneste.
Om søknadsprosessen
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Dersom du treng hjelp til å styre din eigen økonomi, eller dersom du har gjeldsproblem, kan du kontakte sosialkontoret eller bustadkontoret i kommunen.
Vedlegg
Til det første møtet bør kunne dokumentere at du har prøvd å gjera noko sjølv jf råd på internett sida til Fjell kommune, og du bør ha med deg dette:
- Kopi av dei tre siste lønns-/trygde-/stønadsutbetalingane (sjekk om det er gjort trekk for dekking av gjeld på desse utbetalingane)
- Kopi av kvitteringar for utgiftspostar som blir vurderte som store, eller andre kvitteringar som det er grunn til å sjekke
- Kopi av likningsattest
- Kopi av skatteoppgjeret og utskrift av likninga for siste skatteåret
- Årsoppgåver (i samband med sjølvmeldinga) frå långivarane
- Årsoppgåver i samband med bidragsgjeld
- Ev. utleggsoppmodingar
- Ev. innkalling til forliksrådet
- Oversikt over pant som heftingar ved eigen bustad
- Oversikt over pant som heftingar ved eigen bil
Søknaden sendes til
Ullensvang herad, 5780 Kinsarvik
Saksbehandlingstid
Heradet har plikt til å behandle saka så snart som råd.
| < Førre | Neste > |
|---|
Sist oppdatert (onsdag 02. februar 2011 12:01)




