Finn det du leitar etter...
NAV Ullensvang
NAV Ullensvang
Generelt
Omtale
Nav Ullensvang har telefonnr: 5555 3333
Nav Ullensvang er knytt til Kundesenteret i Hordaland, og dette er ope kl 08.00 - 15.30 måndag - fredag. Kontoret lokalt er ope frå 09:00 – 14:30 måndag – fredag.
Du kan framleis senda fax til oss på fax nr 53 04 56 41.
Postadresse:
Nav Ullensvang
Heradshuset
5780 Kinsarvik
Kva er NAV?
1. juli 2006 vart trygdeetaten og Aetat lagde ned og erstatta av ein ny arbeids- og veldferdsetat. Innan 2010 skal det etablerast eigne arbeids- og velferdskontor (NAV-kontor) i kvar kommune der sosialtenesta og den nye statsetaten har samordna tenestetilbodet sitt, og saman med sosialtenesta i kommunane vil den nye statsetaten utgjera den nye arbeids- og velferdsforvaltninga. I Ullensvang skjer dette 3. september 2008.
Dette er ei av dei største forvaltningsreformane i norsk historie, og omfattar 17.000 årsverk, forvalta 270 milliardar kroner av statsbudsjettet og har halvparten av befolkningen som brukarar.
Målet med reforma
Hovudmålet med NAV-reforma er:
- fleire i arbeid og aktivitet og færre på stønad
- enklare for brukarane, samt tilpassa behova til brukarane
- Ei heilskapleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning
Lenker
Lover og reglar
| < Førre | Neste > |
|---|




