NAV Ullensvang
| | |
|
| |
Me gir menneske moglegheiter
|
 |
|
 |
NAV Ullensvang held no til på heradshuset i Kinsarvik. I høve omorganiseringa, skal me gjennomgå ei rekkje kurs og opplæring, slik at kontoret diverre kan verta ein del stengt framover. Difor er det lurt å ringe på førehand og avtala eit møte med ein av dei tilsette på Nav.
Nav Ullensvang har fått nytt telefonnr: 815 81 000 Nav Ullensvang er knytt til Kundesenteret i Hordaland, og dette er ope kl 8 - 15.30 måndag - fredag. Kontoret lokalt er ope frå 10:00 – 14:30 måndag – fredag. Du kan framleis senda fax til oss på fax nr 53 04 56 41.
Postadresse: Nav Ullensvang Heradshuset 5780 Kinsarvik
Kva er NAV? 1. juli 2006 vart trygdeetaten og Aetat lagde ned og erstatta av ein ny arbeids- og veldferdsetat. Innan 2010 skal det etablerast eigne arbeids- og velferdskontor (NAV-kontor) i kvar kommune der sosialtenesta og den nye statsetaten har samordna tenestetilbodet sitt, og saman med sosialtenesta i kommunane vil den nye statsetaten utgjera den nye arbeids- og velferdsforvaltninga. I Ullensvang skjer dette 3. september 2008.
Dette er ei av dei største forvaltningsreformane i norsk historie, og omfattar 17.000 årsverk, forvalta 270 milliardar kroner av statsbudsjettet og har halvparten av befolkningen som brukarar.
Målet med reforma Hovudmålet med NAV-reforma er:
* fleire i arbeid og aktivitet og færre på stønad * enklare for brukarane, samt tilpassa behova til brukarane * Ei heilskapleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning
|
| |
|
|
|
|