|
Administrasjon
Ullensvang herad innførte frå 1.1.2005
resultateiningsmodellen som prinsipp for organisering av
heradsadministrasjonen. Tenesteområda er fordelt på 13
resultateiningar, der einingsleiar er tildelt mynde
innanfor m.a. personal og økonomi. Den sentrale leiinga består av
rådmann og assisterande rådmann, medan løns- og personalkontoret,
økonomikontoret og tekniske tenester er organisert i stab.
Heradsadministrasjonen er plassert i Kinsarvik.
Tenestetilbodet er desentralisert. Heradet har seks skulekrinsar, med
barne- og ungdomssteg på begge sider av Sørfjorden. Det er også
sjukeheimar (pleie og omsorg) og eigne legevaktdistrikt på kvar
fjordside. Ullensvang omfattar og deler av Oksenhalvøya, der ein i
hovudsak kjøper kommunale tenester av granneheradet Granvin.
Administrasjonen i Ullensvang herad ::
|