Ledige stillingar
Ullensvang er ein kommune med ca.3500 innbyggarar der hovudnæringa er fruktdyrking. Den vakre Hardangerfjorden deler kommunen frå sør til nord. Heradssenteret er i Kinsarvik, men befolkninga er spreidd. Vi har mange aktive grender med skular og barnehagar som har ledig kapasitet til fleire.
Generelt om søknad og tilsetjingsvilkår for alle stillingar i heradet
Søknad skal skrivast på eige søknadsskjema for ledige stillingar. Søknadsskjemaet får du ved å ta kontakt med arbeidsplassen eller fellessekretariatet på tlf. 53 67 15 00, eller last ned frå nettsida her. Aktuelle søkjarar kan verta innkalla til intervju.
Fullstendig søknad vedlagt rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal sendast Ullensvang herad, 5780 Kinsarvik eller til post@ullensvang.herad.no innan fastsette søknadsfristar.
For stillingane gjeld vanlege tilsetjingsvilkår i samsvar med lov, tariffavtalar og reglement, med ei prøvetid på 6 månader. Alle arbeidstakarar vert tilsette i Ullensvang herad og ikkje på den enkelte etat/arbeidsplass. Heradet dekkjer flytteutgifter etter eige reglement og kan skaffa bustad. Administrasjonsmålet i heradet er nynorsk. Gode forsikrings- og pensjonsordningar i KLP / SPK.
Ledige stillingar - NAV |