Politikarportal
Translate

RSS

Post: 5780 KINSARVIK
Tlf:53 67 15 00
Fax:53 67 15 01
Vakttelefon: 476 22 777
postmottak@ullensvang.herad.no

Heradsinfo:


Finn det du leitar etter...

Ullensvang musikkskule avslutning, vestsida

Bilde01Måndag 11. juni hadde elevane på vestsida i Ullensvang musikkskule avslutning.

Avslutninga var lagt til Vikebygd skule, og sjølv om me ikkje var så mange elevar, vart det ein kjekk intimkonsert i foajeen på skulen. Her fekk publikum høyra både nybyrjarar på blokkfløyte, messingblåsarar, piano og bandmusikk. Det er tydeleg at alle har eit år bak seg med mykje øving, for me fekk høyra mykje flott musikk.

God sommar ønskjast til alle saman !

 

 

 

 

 

Les meir…

 

Avslutning for elevane i Ullensvang musikkskule

ullensvang_musikk_skule_01Torsdag 7. juni hadde Ullensvang musikkskule skipa til avslutningskonsert i Krossvoll på Lofthus.

Til tross for at dette var midt i eksamenstida for nokon, leirskule og fotballkampar for andre, var det likevel mange elevar som kunne vera med. For tilhøyrarane vart det ein triveleg og variert konsert, med utøvarar på mange ulike instrument og nivå. Felles for dei alle var at dei gjorde ein framifrå god jobb på scena, og det er ikkje tvil om at det ligg mange timars øving bak mange av framføringane me fekk. Me fekk òg med oss elevane som går på drama, dei hadde laga til to sketsjar som fekk salen til å humra og le.

God sommar ønskjast til alle saman !

 

Les meir…

 

6. klasseundervisning

6klasse undervisning

Brannvernet hadde 6. klasseundervisning på skular i Odda og Ullensvang i veke 22 og 23.

Skuleundervisninga har som mål å få betre brannvern og holdningar i skulesituasjonen, samt å tilføre meir kunnskap om brannvern, betre haldningar til liv og verdiar, som elevane bringer med seg heim og vidare i livet.

Det er sagt at barn og unge kanskje er landet sine fremste skadeførebyggjarar. Dette grunna i at dei tar kunnskapen med seg heim til familien. Alle elevane får i oppgåve å sjekke branntryggleiken i sin eige heim ved hjelp av ei sjekkliste. Eleven har fått beskjed om å teste røykvarslaren når dei kom heim frå skulen, og alle fikk med seg batteri dersom en av røykvarslarane ikkje skulle fungere.

Undervisninga har bestått av ein teoridel der det har vært mange gode spørsmål og interesserte elevar. Avslutningsvis har elevane fått forsøkt å sløkkje ein brann ved hjelp av skumapparat.

Vi har hatt ei fin tid saman med elevane!

 

Segelgjerd vassverk i normal drift

water

Pumpa ved Segelgjerd vassverk går no som normalt. Vatningsforbodet vert difor oppheva, og de kan nytta vatn som normalt.

Sist oppdatert (fredag 15. juni 2012 10:05)

 

Ungdom på helg

ullensvang_framsideDei eldre på sjukeheimane får no samvære med 16- og 17-åringar.

Ullensvang herad v/pleie og omsorg lyste ut stillingar og fekk mange søkjarar.

No er det tilsett 11 ungdommar, 5 på Utneheimen og 6 på Bråvolltunet.

Kvar helg(laurdag og sundag) kjem to ungdommar på sjukeheimane for å arbeida nokre timar. Ungdommane har som oppgåve å være sosiale med dei eldre.

Oppgåver kan t.d. vera: ta ein prat/song ilag med dei eldre, ta ein trilletur/gåtur ut eller inne i gangane osv. Ungdommane har signert taushetsløfte, og har fått nødvendig opplæring/informasjon før dei starta i jobben.

Tilbakemeldingar hittil er berre positive - kjekk ungdom !

Pleie- og Omsorgsleiar

Sist oppdatert (måndag 18. juni 2012 12:46)

 

HardingDans

dand23. og 24. mai fekk Hauso og Vikebygd skule ei innføring i norske folkedansar i samband med prosjektet " HardingDans."
Dette er eit prosjekt som Ullensvang musikkskule er med på saman med dei andre kulturskulane i Hardanger.

Les meir…

 

Økonomiplan 2013 – 2016

ullensvangHeradsstyret vedtok i møte den 7. mai økonomiplan for 2013 – 2016.

Planen finn du her.

 

Biblioteket informerer:

bokhylleNye namn på biblioteka:
Det vart vedteke på Formannskapsmøtet 26. mars at namnet Ullensvang folkeboksamling og nemninga filialar ikkje lenger gjeld. Frå og med no nyttar me desse namna: Utne bibliotek, Kinsarvik bibliotek og Nå bibliotek. Samla vert dei kalla Ullensvang bibliotek. Utne bibliotek er hovudbiblioteket med magasin og lokal samling, Kinsarvik bibliotek er arbeidsstaden for biblioteksjefen.

Sist oppdatert (måndag 14. mai 2012 13:59)

Les meir…

 

Kva gjer Ullensvang herad i forhold til Samhandlingsreforma ?

hardangerraadetProsjekt Samhandlingsreforma i Hardanger er etablert på bakgrunn av initiativ i Hardangerrådet våren 2010.
Bakgrunnen er Stortingsmelding 47: Samhandlingsreforma, som no er følgd opp med følgjande nye lover verksame frå 01.01.2012:
- Lov om Folkehelse
- Lov om kommunal helse- og omsorgsteneste

Les meir…

 

Bustadetablering i distrikta

ide-01

Ullensvang herad er som ein av 12 kommunar i landet plukka ut til Kommunal- og regionaldepartementet si 3-årige satsing " Bustadetablering i distrikta". Me er veldig glade for at vår søknad vart plukka ut, og ventar på tilsagnsbrevet som vil gi oss meir detaljert informasjon om korleis me skal gjennomføra tiltaket.

Les meir på www.regjeringen.no

 

Ryddedugnad i Ullensvang herad.

bilskrotVåren er på veg, og det synleggjer mykje søppel. Dette er skjemmande både for innbyggjarar og tilreisande.

Difor oppmodar me alle til å delta i ein storstilt oppryddingsdugnad i nærmiljøa og strandsona.

Les meir…

 
Fleire artiklar…