Politikarportal
Translate

RSS

Post: 5780 KINSARVIK
Tlf:53 67 15 00
Fax:53 67 15 01
Vakttelefon: 476 22 777
postmottak@ullensvang.herad.no

Heradsinfo:


Finn det du leitar etter...

Radonmåling!

sporfilmHar du målt radontilhøva i huset ditt? Ikkje? - Nytt høve no.

Statens strålevern og Ullensvang herad har tilbod om gratis sporfilmmåling til alle i Ullensvang. Tilbodet gjeld både private og bedrifter.

Vinterhalvåret er den tida det er best å måle radon. Måletid med sporfilm er 2 månader. Ta kontakt med Ullensvang herad v/John Ove Rørnes på heradshuset i Kinsarvik.

Tlf 53671589 eller mobil 48108796, e-post: Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

 

Skule- og barnehageruta 2013-2014

skule3Skule- og barnehageruta for neste skuleår er no klar.

Du finn den her.

 

Budsjett 2013 - Lysing om vedtekne betalingssatsar

nytt-01

Endra gebyr og betalingssatsar

Som del av budsjettet for 2013 har heradsstyret i møte den 17.12.2012 vedteke å auka følgjande gebyr og betalingssatsar med verknad frå 1. januar 2013 (1. august for SFO):

Gebyr for vatn og avløp, med heimel i Lov om kommunale vass- og kloakkavgifter og tilhøyrande statlege og lokale forskrifter. Mva kjem i tillegg:

 

  • Vatn: Eingongsgebyr ved tilknyting auka med 10% til kr 13 750.
  • Vatn: Abonnementsgebyr auka med 10,2% til kr 1 940,- per år.
  • Vatn: Forbruksgebyr auka med 9,8% til kr 9,00 per m3.
  • Avløp: Eingongsgebyr ved tilknyting auka med 20% til kr 10 800.
  • Avløp: Abonnementsgebyr auka med 20,1% til kr 1 850,- per år.
  • Avløp: Forbruksgebyr auka med 20% til kr 8,40 per m3.
  • Skulefritidsordning (SFO) frå 01.08.2013:
    • Alle satsane aukar med om lag 4%. Satsen for fullt tilbod vert kr 1 500 per månad.
  • Musikk- og kulturskulen:
    • Satsane vert auka med 7,5% i høve 2012; ulike satsar.
  • Omsorgstenesta: Dei fleste satsane er auka med om lag 4%, nokre satsar meir.
  • Avfallsgebyr / renovasjonsavgift auka med om lag 1,0%.
 

STENGING AV DALSBRUA

Heradsmerke-RC2-litenDalsbrua er fortsatt stengt pga vedlikehald til over nyttår.

Sist oppdatert (torsdag 13. desember 2012 10:47)

 

Registrering av uregistrert veggrunn i Ullensvang herad

ullensvang_framsideI samband med innføring av ny lov om eiendomsregistrering er det gjeve ei

overgangsordning for registrering av uregistrert grunn til offentlig veg og jernbane.

Reglane er spesifisert i matrikkelforskrifta § 69;

Les meir…

 

Budsjett 2013 og økonomiplan 2013-16

Heradsmerke-RC2-litenOffentleg ettersyn / høyring og endring av betalingssatsar

Formannskapet har i møte 19. og 20. november lagt fram tilråding om årsbudsjett for 2013 og økonomiplan for 2013 - 2016. Saka vert handsama i Ullensvang heradsstyre måndag 17. desember.

Last ned budsjettinnstillinga her.

Endringar frå rådmannen i høve til 2012 og formannskapet si tilråding

Ordføraren sine merknader til budsjettet 2013

Protokoll frå møta i formannskapet og andre råd og utval

Følgjande betalingssatsar er føreslege auka med verknad frå 01.01.2013 (01.08. for SFO):

Sist oppdatert (fredag 23. november 2012 14:55)

Les meir…

 

Kurs i depresjonsmeistring

Kurs i depresjonsmeistring

Kurs i meistring av depresjon byggjer på kognitiv sosial læringsteori, og auka meistring av depresjon, samt redusera risiko for tilbakefall.

Kurset vert på Heradshuset i Kinsarvik, torsdag kl 17.30 – 19.30. (Tidspunktet for kurset er regulert etter ferjeruta Kvanndal, Utne, Kinsarvik) NB! Kan bli mindre endringar.

Fyrste kurskveld vert torsdag 17. januar 2013

 

Dei neste torsdagane: 24.01, 31.01, 7.02, 14.02, 21.02, veke 9 vinterferie, 07.03, 14.03, 21.03 oppfylging nr. 1 veke 17, nr. 2 veke 23 (dato vert avtalt ved kurs slutt)

Kursavgift blir kr 500,- dekker kursmateriell/kursbok (fins berre på bokmål)

Vert å betale fyrste kurskveld.

For informasjon kan du ta kontakt med kursleiar/psykiatrisk sjukepleiar

Trude Kraakevik mob. 907 99 080 Ullensvang herad

Siri Håheim mob. 400 07 152 / 56 52 70 52 Ulvik kommune

Gro Håvardsholm Elnan mob. 415 59 098 / 53 67 35 61 Eidfjord kommune

Påmeldingsfrist 3.januar 2013, det må vere minimum ti påmelde for at kurset skal starte

VELKOMEN

Sjå vedlegg for meir informasjon om KID

 

Magasin frå bustadkonferanse 2012

flytthardangerHer finn du magasinet frå Flytt til Hardanger sin bustadkonferanse.

Sist oppdatert (onsdag 21. november 2012 11:14)

 

Vatngymnastikk i Kinsarvik

BassengHelseavdelinga i Ullensvang herad ved fysioterapitenesta og helsestasjonstenesta har tilbod om vatngymnastikk o Lagre g sosialt samvær.

Stad: Kinsarvik skule Tid: Måndag kl. 19.30 -  20.30

Dørene opnar: kl. 19.00. Sjølve treninga startar: 19.30 og varer: ca. 40 min

Føremålet med tiltaket er å førebygga utvikling av hjarte - kar sjukdomar, belastningslidingar og leddplager.

Målgruppa er kvinner og menn i alle aldrar.

Me ynskjer å kunne gje det same tilbodet om vatngymnastikk på vestsida i Ullensvang.

Kan du tenkje deg å være instruktør – ta kontakt med folkehelsekoordinator på tlf: 53 67 15 46 eller  mob: 91 86 17 83

Sist oppdatert (torsdag 15. november 2012 14:03)

Les meir…

 

Tiltak for auka bruk av elektroniske søknader om produksjonstilskot

statenslandbruksforvStatens landbruksforvaltning (SLF) ønsker at fleire skal søkja produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid elektronisk.

Du finn to rettleiingsfilmar her:

https://www.slf.dep.no/no/produksjon-og-marked/produksjonstilskudd/hvordan-soke

Sist oppdatert (tysdag 06. november 2012 09:25)

 

Tilbod om strøsand til eldre/uføre

strsandLions Club Ullensvang, Ullensvang Vest Pensjonistlag og Ullensvang herad samarbeider om distribusjon av sekkar med strøsand til eldre/uføre heimebuande.
Aust:
Lions Club Ullensvang har sekkar med strøsand ståande for sal på Lofthus Auto og Esso i Kinsarvik.
Vest:
Ullensvang Vest Pensjonistlag har sekkar med strøsand ståande for sal hos Lars Haustveit.
Pris per sandsekk à 10 kg er kr. 100,-
Vi ynskjer å skapa ein tryggare kvardag for eldre i Ullensvang ved å hindra fallulykker om vinteren.

Les meir…

 
Fleire artiklar…