Fjord og fjell, frukt og flaum
– forteljinga om Ullensvang 1950-2014
Laurdag 24. mars 2012 arrangerer Bygdeboknemnda sitt tredje seminar saman med Hardanger folkemuseum. Denne gongen set me søkjeljos på heradet – kva er viktig å fortelja om tida frå 1950-åra og fram til 2000-talet me lever i? Og korleis bør forteljinga om Ullensvang formast og formidlast?
Alle med interesse for lokalhistorie er velkomne som deltakarar på bygdebokseminaret. Seminaret vert skipa til på Hardanger folkemuseum, Utne.
Påmelding til museet på tlf. 53 67 00 40
eller e-post: mail@hardanger.museum.no innan 19. mars.
Seminaravgift: 150 kr.
Program